Lappspove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lappspovar)
Lappspove
Lappspove, Limosa lapponica Foto: Tim Bowman
Lappspove, Limosa lapponica
Foto: Tim Bowman

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Lappspove
Utbreiinga av Lappspove
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Limosa
Art: Lappspove L. lapponica
Vitskapleg namn
Limosa lapponica

Lappspove (Limosa lapponica) er ein stor vadefugl i snipefamilien, Scolopacidae. Han har hekkeområde langs arktiske kystar og på tundra frå Nord-Skandinavia[2] austover i Sibir, òg aust for Tajmyr, dessutan i Alaska. Lappspoven er trekkfugl og overvintrar langs kysten i tempererte og tropiske område. Han er kjent for å gjere dei lengste trekkrutene ein kjenner til, og gjorde det lengste kjente einskilde flygestrekket utført av fugl som er registrert. Det var på 11 680 kilometer langs ei rute frå Alaska til New Zealand.

Lappspoven har relativt korte bein til spove å vere. Kroppslengda er 37-41 cm, og vengespennet 70-80 cm. I gjennomsnitt er hannfuglar mindre enn hoer, men med stor overlapping i vektområde: hannar veg 190-400 g, medan hoer veg 260-630 gram, og det er dessutan enkelte regionale variasjonar i storleik. Dei vaksne har blågrå bein og eit langt mørkt nebb som er kurva svakt oppover og har rosa farge på spissen. Nakke, bryst og buk får samanhengande mursteinraud farge i fjørdrakta i hekkesesongen, men blir gråkvit om vinteren. Oversida er spraglete, mest grå.

Lappspovar søkjer føde ved å stikke nebbet i vått underlag. I kort vegetasjon kan dei plukke opp insekt som dei ser. Føda er mest insekt og krepsdyr, men òg delar av akvatiske plantar.

Teikning av ruta som lappspovane nytta frå New Zealand på trekk nordover, etter satellittsporing.
Lappspoveegg.

Denne arten hekkar i nordlege i Skandinavia, nordlege Asia og Alaska. Reiret er ei grunn koppforma nedsenking i mosen, og kan vere fora med vegetasjon. Kjønna deler på ruging av egg og omsorg for ungane. Spoven migrerer i flokkar til kysten av Vest-Europa, Afrika, Sør-Asia, Australia og New Zealand. På maori er underarten Limosa lapponica baueri kjent under namnet Kūaka.

I 2007 blei det utført satellittsporing av radiomerkte fuglar. Fuglar blei spora og trekkruter observert frå New Zealand til Gulehavet og Kina. Ein registrerte då ein lappspove som flaug turen utan stopp over distansen 11 026 km, den lengste kjente utførte flydistansen. Turen tok ca. ni dagar.

Eit individ heldt fram frå Kina til Alaska. Etter hekkinga, den 29. august 2007, starta fuglen ein tur utan stopp frå Avinof-halvøya i Vest-Alaska til Piako River, nær Thames på New Zealand, ein flytur på 11 680 kilometer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av lappspove Limosa lapponica for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lappspove