Tajmyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For øya, halvøya og innsjøen med same namn sjå Tajmyrøya, Tajmyrhalvøya og Tajmyrsjøen.
Tajmyrskij (Dolgano-Nenetskij) avtonomnyj okrug
(før 1.januar 2007)  
Tajmyr sitt flagg
Tajmyr sitt våpen
Tajmyr sitt flagg Tajmyr sitt våpen
Tajmyr på kartet over Russland
Hovudstad Dudinka
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 86.

862 100 km²
Ukjent

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 2.

ca. 39 400 (2005)
ca. 0,05/km²

Føderalt distrikt Sibir
Økonomisk region Aust-Sibir
Regionsnummer 84
Offisielt språk Russisk
Guvernør Oleg Mikhajlovitsj Budargin
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +0700

Tajmyr (russisk Таймырский автономный округ) var fram til 1. januar 2007 eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland. Det vart òg kalla Dolgan-Nenetsia. Det var del av Krasnojarsk kraj, men samstundes eit av dei 88 føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden var Dudinka, arealet var 862 100 km² og innbyggjartalet var 39 400 (2005). Etter ei folkerøysting 17. april 2005 slutta Tajmyr og Evenkia frå 1. januar 2007 å eksistera som eigne føderasjonssubjekt. Området er no ein vanleg rajon (kommune) - Tajmyr rajon - i Krasnojarsk kraj. Ved folketeljinga i 2010 var innbyggjartalet 34 400.

Tajmyr omfatta Tajmyrhalvøya og nærliggjande delar av det eurasiske fastlandet, pluss øygruppa Severnaja Zemlja nord for fastlandet. Det nordlegaste punktet på Tajmyrhalvøya er det nordlegaste punktet på det eurasiske fastlandet. Byen Norilsk, som geografisk ligg i Tajmyr, var ikkje ein del av distriktet Tajmyr, men direkte underlagt Krasnojarsk kraj. Heile territoriet ligg nord for polarsirkelen. Det høgste punktet er 1146 meter over havet. Største elva er Jenisej. Middeltemperaturen i januar er - 32 grader celsius, i juli frå + 2 til + 13 grader celsius.

Ved folketeljinga i 2002 oppgav 58,6 % å vera av russisk nasjonalitet og 6,1 % ukrainsk. Urinnvånarane i området er dolganar (13,9 %), nenetsar (7,7 %), nganasanar (1,9 %) og evenkar (0,8 %). Einaste byen i Tajmyr er hovudstaden Dudinka. 66,2 % av ibuarane bur i tettbygde strøk.

Dei første russarane kom til Tajmyr rundt midten av 1500-talet. Den første russiske busetjinga i Dudinka vart etablert i 1667. Det autonome området vart oppretta 10. desember 1930.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]