Lars Blilie
Lars Blilie | |
Fødd | 5. april 1820 Vestre Toten |
---|---|
Død | 17. desember 1892 (72 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Venstre |
Yrke | politikar, bonde |
Barn | Mathias Blilie |
Lars Kristian Blilie (5. april 1820–17. desember 1892) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Vestre Toten. Han var far til Mathias Blilie.
Blilie var son til ein gardbrukar. Han dreiv i yngre år på med ymse, mellom anna var han urmakar, børsemakar, signetstikkar, gravørarbeidar og sysla med utklekking av fisk. 18 år gammal vart han gardbrukar.
Han var rodemeister for ein veg i ni år og medhjelpar åt presten i 35 år. Frå 1846 var han medlem av heradsstyret, der han i 40 år sat i formannskapet, åtte av dei ordførar. Elles var han medlem av forlikskommisjonen 1854-79 og valmann i 25 år. Frå 1862 var han styrar av eit branntrygdelag for Toten og Vardal, og direktør (styremedlem) i sparebanken.
Blilie representerte Kristians amt på Stortinget frå 1871 til -76 og frå 1880 til -85. Han var på alle tingsamlingane medlem av tollkomiteen. Perioden 1883-85 var han også med i valkomiteen, i 1885-sesjonen medlem av Lagtinget frå 22. april. I 1876 var han permittert frå 19. mars. Han vart medlem av Venstre då partiet vart skipa.
Blilie døydde heime på slektsgarden i Vestre Toten i 1892.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak (1914). «Blilie, Lars Kristian». Stortinget og statsraadet: 1814-1914. Kristiania: Steenske bogtrykkeri. s. 103.
- Biografisk informasjon om Lars Blilie NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1820
- Døde i 1892
- Stortingsrepresentantar 1871-1873
- Stortingsrepresentantar 1874-1876
- Stortingsrepresentantar 1880-1882
- Stortingsrepresentantar 1883-1885
- Stortingsrepresentantar for Oppland
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Ordførarar i Vestre Toten
- Norske bankfolk
- Norske gardbrukarar
- Folk frå Vestre Toten