Leonardo Bruni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leonardo Bruni

Leonardo Bruni (13691444) var ein førande historikar frå Firenze i den italienske renessansen. Han var den første som definerte humanismen som omgrep og filosofisk retning, og knytte ordet til ei nyordning av fag, som vart rota til moderne humaniora. Han er og kalla den første moderne historikaren.

Liv og verk[endre | endre wikiteksten]

De primo bello punico, 1471

Leonardo Bruni var fødd i Arezzo i Toscana, og var elev av Coluccio Salutati, som var kanslar i Firenze. Bruni tok over då Salutati gjekk av i 1410. Han var ute av stillinga ei tid, men sat frå 1427 til han døydde i 1444.

Det meste kjende verket hans er truleg Det florentiske folkets historie, av mange rekna som gjennombrotet for moderne historieskriving. Bruni såg den romerske republikken som høgdepunktet i tidleg sivilisasjon, og arbeidde for at Firenze skulle ha denne som sitt styringsideal. Framvoksteren av den florentiske bystaten var eit teikn på ei ny oppvakning for Italia, meinte Bruni. Han var den første som skilde verdshistoria i tre hovudbolkar, gamal tid, mellomalder og nyare tid. Bruni, saman med Flavio Biondo, var dei første til å nytte omgrepet mellomalder. Dei var påverka av Francesco Petrarca, som hadde snakka om «dei mørke åra». Bruni såg samanhangen mellom antikken og moderne tid (han var den første som nytta ordet), og tida som kom imellom desse, vart naturleg nok kalla mellomtida (mellomalderen).

I 1436 skreiv Bruni ei stor biografi over Petrarca og Dante Alighieri. Denne boka byrja og med ei hylling av Cicero. Han meinte Dante hadde synt vegen ut av mørketida, men korkje han eller Petrarca hadde meistra den klassiske stilen slik Bruni ønskte det.

Leonardo Bruni kjende og godt til gresk filosofi og språk, og hadde følgd forelesningane til den bysantiske forelesaren Manuel Chrysoloras, som var komen til Firenze frå Konstantinopel i 1396. Han omsette både Platon og Aristoteles, og var den den første til å nytte «Studia Humanitatis» om særskilde vitskaplege fag, som skilde frå teologi og metafysikk.

Bruni har truleg hatt stor tyding for utviklinga av eit moderne historiesyn, og sette standard for historieforståing og humaniora i all ettertid.