Coluccio Salutati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Coluccio Salutati

FøddLino Coluccio Salutati
16. februar 1331
Stignano
Død4. mai 1406
Firenze
Områdefilosofi
Yrkepolitikar, skribent, filosof
Alma materUniversitetet i Bologna

Coluccio Salutati (16. februar 13314. mai 1406) var ein førande humanist i den tidlege fasen av den florentinske renessansen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Salutati var fødd i Stignano, nær Buggiano (dagens Pistoia). Han studerte i Bologna, og tok til å arbeide som kontorist i området, som på den tid var underlagt Firenze. Han skreiv på latin, som dei fleste i den tida, men latinen hans var så god at han fekk oppnamnet «Apen til Cicero». Frå 1368 til 1370 arbeidde han i Vatikanets sekretariat. Denne stillinga førte han snart opp på karrièrestigen, og han vart kanslar, først i Lucca, sidan i Firenze frå 1375. Republikken Firenze var i vokster på denne tida, og la under seg andre og mindre byar i Toscana. Salutati var vitne til dette og stødde opp under denne politikken. Medan han levde, var byen to gonger i open krig med Milano, under hertug Giangaleazzo Visconti. Salutati vart verande ein ihuga forkjempar for republikken heile livet, og fekk stor vørdnad for politisk klokskap i Italia.

Salutati er vel mest kjend for det kulturpolitiske arbeidet sitt. Han var sterkt påverka av Francesco Petrarca, og tufta skrivinga si på klassisk romersk tradisjon. Han samla klassiske verk, og bygde opp eit stort bibliotek med 800 manuskript og bøker. Salutati studerte historie, og meinte det var viktig å knyte Firenze historisk til den romerske republikken snarare enn til keisardømet. Tankane kring dette gjekk i arv til den mest kjende læresveinen hans, Leonardo Bruni.

Salutati las mykje førkristen romersk litteratur. Dette vart ikkje velsett av kyrkja, men Salutati greidde å opne vegen for meir grundig forsking på den romerske litterære arven, trass i kyrkja. Han samla yngre humanistar kringom seg, og var pådrivar for eit nytt intellektuelt miljø, der han og sytte for at den greske læraren Manuel Chrysoloras vart beden til Italia, slik at kjennskapen til klassisk gresk vart fornya.

Salutati er ein viktig bindelekk i framvoksteren av den italienske humanismen.