Lia Manoliu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lia Manoliu

Lia Manoliu 1964.jpg
Lia Manoliu under sommarleikane 1964

Statsborgarskap Romania
Fødd 25. april 1932
Chişinău
Død

9. januar 1998 (65 år)
București

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1972, Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1964, Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952

Lia Manoliu (25. april 19329. januar 1998) var ein rumensk friidrettsutøvar frå Chişinău som deltok i samtlege seks sommarleikar i tidsrommet 1952-72, og vart olympisk meister i diskoskasting i 1968.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Manoliu vart nummer seks i diskoskasting under dei olympiske leikane i Helsinki i 1952. Under Sommar-OL 1960 i Roma tok ho leiinga med eit kast på 52,36 m, og enda opp med bronsemedaljen. Fire år seinare vann ho i Tokyo endå ein OL-bronse, då med eit kast på 56,96 m.

Framom 1968-sesongen vart Manoliu vraka av det rumenske friidrettsforbundet, og ho måtte trene på eiga hand. Ho kvalifiserte seg til Sommar-OL i Mexico, der ho småskadd smelte til med 58,28 meter i den fyrste omgangen, eit kast som skulle vise seg å halde til olymisk gull.

Manoliu la opp etter 1972-sesongen. Hennar aller lengste diskoskast målte 62,06 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]