Liljekonvall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Liljekonvall


Liljekonvall
Liljekonvall

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Underorden:
Familie: Convallariaceae (Konvallfamilien)
alt. Liliaceae liljefamilien
Slekt: Convallaria L.
Art: C. majalis
Vitskapleg namn
Convallaria majalis

Liljekonvall (Convallaria majalis) er ein 15 cm høg plante i liljefamilien (somme botanikarar reknar ’’konvallfamilien’’ som ein eigen familie) med store grøne blad og kvite klokkeblomstrar som dannar raudgule bær.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Liljekonvallen har ein lang, greina jordstengel med nokre få, kraftige røter. Over jorda har han skot med eit par raudfiolette lågblad og to store grøne blad med bogeforma nervar. Dei kvite hengande klokkeblomstrane sit i hjørnet av bitte små skjelforma høgblad.

Frukta vert eit raudgult bær som er delt i tre rom. Bæret er, som resten av planten, giftig.

Liljekonvallen lukter godt, og både lukta og utsjånaden gjer han til ein populær bukettblome.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Liljekonvallen veks i småskog og solvarme lier, i Noreg nord til Dønnes og Nord-Rana. På Hardangervidda veks han opp i 1245 meters høgd.

Liljekonvallen er noko basekrevjande, slik at han ikkje trivst på sur jord.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Namnet liljekonvall er ei litterær nylaging, henta frå det gamle latinske namnet på planten, som første gong vart nytta for snart 500 år sidan, "Lilium convallium", som omsett tyder "lilja frå dalane". Eit gammalt folkeleg norsk namn var rams.

Liljekonvallen er fylkesblomster i Østfold og nasjonalblomster i Finland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]