Norske fylkesblomar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fylkesblom)
Hopp til navigering Hopp til søk

Norske fylkesblomar er blomar som er vedtekne som representative for dei norske fylka.

Professor Olav Gjærevoll initierte arbeidet med fylkesblomane i 1987, då han var leiar av Norsk botanisk forening. Foreininga sette i samarbeid med dei botaniske musea og styret i Det norske hageselskap opp ei liste med framlegg til fylkesblomar for kvart fylke. Framlegga vart sende fylkesmannen i kvart fylke vinteren 1989. I nokre fylke godkjende fylkesmannen valet av fylkesblom, i andre fylke vart framlegget teke opp politisk i fylkestinget eller i fylkesutvalet. Mot slutten av 1990-talet hadde ein, med enkelte justeringar av det opphavlege forslaget, kome fram til ei liste som var allment akseptert. Lista inneheldt også ein utvald art for Svalbard. Alle artane er presenterte i boka Norges fylkesblomster av Inger Gjærevoll (Tapir forlag, 1999).

I Sverige har dei hatt ei tilsvarande liste over «landskapsblommor» sidan 1908.[1] Også Finland har slike landskapsblomar.[2] Mange andre land har tilsvarande lister med nasjonale eller regionale blomar.[3]

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Fylkesblomane er:

Fylke Bilete Norsk namn Vitskapleg namn
Østfold Convallaria majalis Liljekonvall Convallaria majalis
Akershus Hepatica nobilis Blåveis Hepatica nobilis
Oslo Trifolium montanum Bakkekløver Trifolium montanum
Hedmark Chamerion angustifolium Geitrams Chamerion angustifolium
Oppland Pulsatilla vernalis Mogop Pulsatilla vernalis
Buskerud Nymphaea alba Kvit nykkerose Nymphaea alba
Vestfold Fagus sylvatica Bøk Fagus sylvatica
Telemark Dactylorhiza sambucina Søstermarihand Dactylorhiza sambucina
Aust-Agder Lonicera periclymenum Vivendel Lonicera periclymenum
Vest-Agder Quercus robur Sommareik Quercus robur
Rogaland Erica tetralix Klokkelyng Erica tetralix
Hordaland Primula vulgaris Kusymre Primula vulgaris
Sogn og Fjordane Digitalis purpurea Revebjølle Digitalis purpurea
Møre og Romsdal Saxifraga cotyledon Bergfrue Saxifraga cotyledon
Sør-Trøndelag Dryas octopetala Reinrose Dryas octopetala
Nord-Trøndelag Cypripedium calceolus Marisko Cypripedium calceolus
Nordland Saxifraga oppositifolia Raudsildre Saxifraga oppositifolia
Troms Trollius europaeus Ballblom Trollius europaeus
Finnmark Rubus chamaemorus Molte Rubus chamaemorus
Svalbard Papaver cornwallisense Svalbardvalmue Papaver cornwallisense

(Namnsetjing etter Artsdatabanken sin artsnavnebase[4])

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Gjærevoll, Inger (1999). Norges fylkesblomster. Trondheim: Tapir Forlag. ISBN 82-519-1507-4. 
Referansar