Lingvistikkens historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lingvistikkens historie er historia til vitskapleg studium av språk.


Den sumeriske tradisjonen[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste tekstane vi har for noko språk er tekstar på sumerisk skrive med kuneiform. Det å lage eit skriftspråk inneber ei lingvistisk analyse av språket som skal skriftfestast, og tekstane inneheld også lister over substantiv. Etter kvart vart sumerisk erstatta med akkadisk som talespråk, og nyare tekstar inneheldt informasjon om sumerisk.

Den indiske tradisjonen[endre | endre wikiteksten]

Lingvistisk tenkjing var på eit avansert nivå i India for ca. 2500 år sidan. Grunnen til dette var at dei ville forklare tekstane i Rigveda. Den mest kjende grammatikaren Pāṇini, skreiv ei formell skildring av sanskrit i verket Aṣṭādhyāyī, med oppdeling i morfologi og fonetikk, og ei drøfting av morfofonologiske prosessar som har hatt stor innverknad på utviklinga av fonologisk teori etter andre verdskrigen.

Den hellenistiske tradisjonen[endre | endre wikiteksten]

Dei gamle grekarane utvikla eit alfabet basert på eit system brukt for fønikisk. Dette alfabetet vart brukt til heile den greske litteraturen, også tekstar som kommenterte språket i desse tekstane. Platon lar t.d. dialogen Kratylus diskutere kva som er opphavet til språk, om det har oppstått av seg sjølv, uavhengig av talarane, eller om det er eit menneskeskapt sosial artefakt.

Aristoteles legg i skriftene sine grunnlaget for retorikk og poetikk og semantikk. I Kategoriane definerer han 10 kategoriar, eller "typar av ord" (legomena). Desse kategoriane er sentral i semantisk teori den dag i dag.

Den første reine grammatikaren i Hellas var Dionysius Thrax, som i ca. 100 fKr. skreiv Tékhnē grammatiké. Her definerer han ti ordklassar, og presenterer ei detaljert skildring av gresk morfologi. Ein annan grammatikar var Apollonius Dyscolus (i Aleksandria), som skreiv om m.a. syntaks.

Antikkens Roma[endre | endre wikiteksten]

Den romarske grammatiske tradisjonen bygde direkte på den greske, romarane brukte m.a. dei greske grammatikarane til sjølv å lære seg gresk. Grammatikaren Marcus Terentius Varro skreiv t.d. De lingua latina libri i 25 band, verket var i realiteten ei overføring av Dionysius Thrax sitt verk til ei tilsvarande skildring av latin. Høgdepunktet i den latinske grammatiske tradisjonen var Aelius Donatus Ars grammatica og Priscians Institutiones grammaticae. Desse verka var standardverk for latin gjennom heile mellomalderen, og dei tente som modellar for korleis andre språk skulle bli skildra heilt fram til framveksten av den historisk-komparative språkvitskapen. Prisician fekk ein renessanse i teoretisk lingvistikk som grunnlag for P.H. Matthew sin morfologiske ord- og paradigmemodell frå 1971.

Norrøn grammatikk: Den første grammatikaren[endre | endre wikiteksten]

Uavhengig frå desse tradisjonane er Den første grammatiske avhandlinga, som vart skrive på Island rundt 1150, og drøfta norrøn grammatikk. Vi veit ikkje kven forfattaren var, og kallar han derfor den første grammatikaren. Avhendlinga inneheld ei nøyaktig framstilling av norrøn fonologi, og viser m.a. korleis vokallengd er distinktiv for alle vokalane, ved hjelp av det strukturalistane seinare kom til å kalle minimale par. Både normaliseringa av norrøne tekstar og den islandske rettskrivinga byggjer på denne avhandlinga.

Port-Royal-grammatikarane[endre | endre wikiteksten]

Ei gruppe franske grammatikarar, framforalt Antoine Arnauld og Claude Lancelot har fått namnet sitt etter klosteret dei arbeidd eved, Prt Royal des Champs. Hovudverket deira var Grammaire générale et raisonnée contenant les fondemens de l'art de parler, expliqués d'une manière claire et naturelle, og dei tok framfor alt språkfilosofiske og syntaktiske tema. Forfattarane var inspirert av Descartes. I dag er Port-Royal-grammatikarane kanskje mest kjend fordi Noam Chomsky i boka si Cartesian Lingustics framheva dei som forløparar til sine eigne teoriar. Faghistorikarane har ikkje vore samd i dette, men påstanden hans har i alle fall ført til auka interesse for arbeidet deira.

Tidleg språktypologi[endre | endre wikiteksten]

I løpet av opplysningstida vart fleire vitskapsmenn også interessert i språk. Katharina den store førte t.d. opp ei skildring av språka i Russland som del av dei tinga embedsmennene hennes skulle føre opp som del av undersøkinga av det store riket hennar. Wilhelm von Humboldt gjennomførte samanliknande studium på basis av fleire til då ukjende språk. Verket hans Über die Verschiedenheit des menschlichen Sprachbaues und ihren Einfluss auf die geistige Entwicklung des Menschengeschlechts fekk stor innverknad.

Historisk-samanliknande språkvitskap[endre | endre wikiteksten]

I lag med ekspedisjonen som skulle måle Venuspassasjen i Vardø i 1769 var også János Sajnovics, som ville undersøke om samisk var i slekt med ungarsk. Det klarte han, og verket Demonstratio idioma Ungarorum et Lapponum idem esse frå 1770 har med rette vorte karakterisert som grunnlaget for den historisk-samanliknande språkvitskapen. I samtida fekk avhandlinga ikkje stor innverknad, verken ungarsk og særleg ikkje samisk var kjende språk. Meir merksemd fekk Sir William Jones, ein britisk dommar i India, som i 1786 publiserte The Sanscrit Language. Her gjorde han framlegg om at sanskrit, gresk og latin alle var i slekt, og at dei også var i slekt med gotisk, keltisk og persisk.

Jones si avhandling vart lesen, og fekk fleire oppfølgjarar. Ein av dei var Franz Bopp, som i 1816 publiserte Über das Conjugationssystem der Sanskritsprache in Vergleichung mit jenem der griechischen, lateinischen, persischen und germanischen Sprache. Her viste han språkslektskapet på ein metodisk måte. Ein annan sentral forskar som utdjupa dette var Rasmus Rask.

Inspirert av Charles Darwin sine teoriar sette August Schleicher opp det første stamtreet for ein språk, og presenterte stamtreteorien for språkslektskap. I tillegg til å vere både eit pedagogisk verkemiddel og ein teori i seg sjølv, var bruken av stamtreet og referansen til Darwin eit eksplisitt forsøk på å gjere språkvitskapen til ein del av naturvitskapen.

Dette synet vart vidareført blant ei gruppe unge grammatikarar i Leipzig på slutten av 1870-talet, dei har seinare vorte kalla junggrammatikarar. Sentrale junggrammatikarar var August Leskien (1840–1916), Karl Brugmann (1849–1919), Hermann Osthoff (1847–1909), Berthold Delbrück og framfor alt Hermann Paul. Pauls Prinzipien der Sprachgeschichte er eit standardverk. Eit sentralt teorem for junggrammatikarane var unntakslause lydlovar.

Saussure, strukturalisme og synkron språkvitskap[endre | endre wikiteksten]

Sentralt verk: Saussure (1916) Cours de linguistique générale


Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • R.H. Robins: A Short History of Linguistics., 3. Auflage. Longman 1990.