Linn Kristin Engø
| Linn Kristin Engø | |||
| | |||
| Fødd | 20. september 1993 (32 år) Flaktveit | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar | ||
| Institusjonar | Bergen kommune | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Bergen | ||
| Medlem | Arbeidarane si ungdomsfylking | ||
| Verv | Ordførar i Bergen 27. oktober 2022–25. oktober 2023 | ||
| Føregangar | Rune Bakervik | ||
| Etterfylgjar | Marit Warncke | ||
| Alle verv |
| ||
Linn Kristin Langley-Rasmussen Engø (fødd 1992) er ein norsk politikar for Ap som var fungerande ordførar i Bergen kommune frå 2022 til 2023.[1][2][3]
Frå 25. april 2019 til 27. januar 2020 var ho byråd for barnehage, skule og idrett i Bergen kommune.[4] Ho vart vald som varaordførar i Bergen kommune 22. september 2021.[5]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Engø er fødd i Bergen og vaks opp på Flaktveit i Åsane bydel.[6]
Engø var elev ved Bergen katedralskole frå 2009 til 2012.[6] Ho har ein bachelorgrad i historie med fordjuping i midtaustenhistorie frå Universitetet i Bergen, og ein påbegynt mastergrad i demokratibygging ved same universitet.[7]
Engø har arbeidserfaring som pleieassistent ved sjukeheim, butikkmedarbeidar og frilansjournalist.[7]
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Engø melde seg inn i AUF i ung alder. Som 17-åring måtte ho steppa inn som fungerande fylkesleiar for AUF i Hordaland etter at Tore Eikeland vart drepen på Utøya i terroråtaket 22. juli 2011.[8]
Ved kommunestyrevalet i 2011 vart Engø vald inn som varamedlem i Bergen bystyre, og ved vala i 2015 og 2019 vart ho vald inn som fast bystyrerepresentant.[9][10][11]
Engø jobba som politisk rådgjevar for byrådet Schjelderup under heile funksjonstida til byrådet (22. oktober 2015–25. april 2019); fyrst som politisk rådgjevar for skolebyråd Pål Hafstad Thorsen, og deretter for byrådsleiar Harald Schjelderup.[7]
Då Schjelderup tredde til side og Roger Valhammer danna nytt byråd 25. april 2019, vart Engø utnemnd som byråd for barnehage, skule og idrett.[4]
Engø gjekk av som byråd den 27. januar 2020 sidan partia SV, FNB, Høgre og Frp hadde meldt mistillit grunna Vigilo-saka. Saka handla om ein skoleapp som hadde fleire alvorlege tryggleikshol.[12] I juli 2020 fekk ho jobb i næringslivet.[13]
I september 2021 vart Engø vald som varaordførar i Bergen kommune og gruppeleiar for Arbeidarpartiet.[14]
I oktober 2022 rykka ho opp til vervet som ordførar då Rune Bakervik gjekk ut av rolla for å bli byrådsleiar.[15] Etter kommunevalet i 2023 vart ho erstatta av Marit Warncke frå Høgre den 25. oktober. I ei tid frem til overtkinga hadde Engø vore i permisjon, og varaordførar Eira Garrido fungerte som ordførar fram til då.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Bergen kommune - Ordfører Linn Kristin Engø», bergen.kommune.no (på norsk), arkivert frå originalen 24. november 2022, henta 24. november 2022
- ↑ «Bergen kommune - Fungerende ordfører Linn Kristin Engø». bergen.kommune.no (på norsk). Arkivert frå originalen 20. november 2022. Henta 20. november 2022.
- 1 2 «Her blir Bergens nye ordfører formelt valgt, men et nytt byråd er ennå ikke satt». NRK Vestland. 25. oktober 2023. Henta 25. oktober 2023.
- 1 2 «Nytt byråd på plass». Bergen kommune (på norsk). Arkivert frå originalen 9. mai 2019. Henta 9. mai 2019.
- ↑ https://www.nrk.no/vestland/ny-ordforer-i-bergen--1.15662522
- 1 2 «Linn Kristin Engø (25) er ny skolebyråd. Selv strøk hun i teoretisk matte på Katten.». www.ba.no (på norsk). 27. april 2019. Henta 9. mai 2019.
- 1 2 3 Bergen kommune. «Curriculum vitae – Linn Kristin Langley-Rasmussen Engø» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 9. mai 2019. Henta 9. mai 2019.
- ↑ Askvik, Kristine (12. august 2011). «Hun skal føre Hordaland AUF videre». NRK (på norsk bokmål). Henta 9. mai 2019.
- ↑ «Valgresultat for kommunestyrevalget 2011». Bergen kommune (på norsk). Arkivert frå originalen 9. mai 2019. Henta 9. mai 2019.
- ↑ «Bystyret 2015-2019». Bergen kommune (på norsk). Arkivert frå originalen 9. mai 2019. Henta 9. mai 2019.
- ↑ «Slik blir det nye bystyret». Bergen kommune (på norsk). Arkivert frå originalen 13. januar 2020. Henta 13. januar 2020.
- ↑ AS, TV 2. «Byråd i Bergen går av etter skoleapp-skandale». TV 2 (på norsk bokmål). Henta 27. januar 2020.
- ↑ «Politikken direkte», www.bt.no (på norsk bokmål), henta 24. november 2022
- ↑ «Rune Bakervik blir ny ordfører i Bergen». www.bt.no (på norsk bokmål). 23. april 2021. Henta 15. mars 2022. «Han får med seg Linn Engø som ny varaordfører i Bergen om bystyregruppen til Ap får det som de vil.»
- ↑ Holmquist, Tone (16. desember 2022). «Nå har Bergen fått to unge kvinner på topp». www.kommunal-rapport.no (på norsk). Henta 14. mai 2023. «Linn Kristin Engø (29) fra Arbeiderpartiet har rykket opp fra varaordfører til ordfører. Nå er 26-årige Eira Garrido (SV) blitt varaordfører.»
- Denne artikkelen bygger på «Linn Kristin Engø» frå Wikipedia på bokmål, den 24. november 2022.