Lúcio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lucio)
Lúcio
Personleg informasjon
Fullt namn Lucimar Ferreira da Silva
Fødd 8. mai 1978
Fødestad Brasília
Høgd 188 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Inter Milano
Nummer 6
Ungdomsklubbar
1996
1997
Brasil Planaltina
Brasil Guará
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1997-2000
2001-04
2004-09
2009-
Brasil Internacional
Tyskland B. Leverkusen
Tyskland Bayern München
Italia Inter
50 (5)
92 (15)
144 (7)
52 (2)
Landslag
2000- Brasil Brasil 96 (5)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 4. februar 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 2. juli 2010

Lucimar Ferreira da Silva, betre kjend som Lúcio (fødd 8. mai 1978 i Brasília) er ein brasiliansk fotballspelar som spelar som midtstoppar for Inter Milano i italiensk Serie A, og for landslaget til Brasil. Han vart verdsmeister i fotball med Brasil i 2002.

Lúcio har vorte seriemeistar i Tyskland med Bayern München i 2005, 2006 og 2008 og i Italia med Inter i 2010. Med Inter vann han òg den europeiske Meisterligaen og VM for klubblag i 2010.

Lúcio debuterte for Brasil sitt A-landslag 15. november 2000 i ein VM-kvalifiseringskamp heime mot Colombia. Han skåra det første landslagsmålet sitt 9. februar 2005 i ein privatlandskamp borte mot Hongkong. Han var med i Brasil sin tropp til fotball-VM i 2002, 2006 og 2010. Han spelte frå start i alle Brasil sine kampar i alle desse tre meisterskapa, og etter VM i 2010 hadde han dermed spelt 17 VM-kampar for Brasil. I VM i 2010 var han Brasil sin landslagskaptein.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. www.fifa.com Arkivert 2012-05-13 ved Wayback Machine. på engelsk