Lum!x

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lum!x

Fødd23. juli 2002 (21 år)
FødestadRohrbach-Berg
OpphavAusterrike
Aktiv2018–
Verka sommusikkprodusent, DJ
PrisarAmadeus Austrian Music Award

Luca Michlmayr (fødd 23. juli 2002 i Rohrbach-Berg), kjend under scenenamnet LUM!X, er ein austerriksk DJ og musikkprodusent. Han er mest kjend for hitane «Monster» (med den italienske DJ-en Gabry Ponte) og «Thunder» (med DJ-ane Ponte og Prezioso), som selde til gull og platina heime i Austerrike, i tillegg til Danmark, Frankrike, Italia, Nederland, Noreg, Polen, Sveits, Sverige og Tyskland.[1] «Thunder» nådde ein femteplass på den norske singllisten hausten 2021 og låg vinteren 2022 fortsatt på topp 20 i Noreg.[2][3]

Han er også platina-sertifisert i Austerrike for «The Passenger (LaLaLa)», som er eit samarbeid med Ponte, Mokaby og DTE.[4] Han representerte Austerrike i Eurovision Song Contest 2022 saman med Pia Maria og songen «Halo», der dei ikkje klarte å kvalifisere seg til finalen etter ein 15. plass i den fyrste semifinalen.[4][5]

LUM!X vart i 2021 nominert til ein Amadeus Austrian Music Award i kategorien elektronic/dance, og han mottok ein French Fun Radio DJ Award for beste nykomar.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «LUM!X biography». Last.fm (på engelsk). Henta 10. februar 2022. 
  2. «LUM!X». topplista.no. Henta 10. februar 2022. 
  3. «Singel 2022 uke 04». topplista.no. IFPI Norge. Henta 10. februar 2022. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «LUM!X feat. Pia Maria gehen mit „Halo“ für Österreich beim Eurovision Song Contest 2022 in Turin an den Start». tv.orf.at (på tysk). ORF. 8. februar 2022. Henta 8. februar 2022. 
  5. «Austria: LUM!X and Pia Maria will take 'Halo' to Eurovision 🇦🇹». Eurovision.tv. EBU. 8. februar 2022. Henta 8. februar 2022.