MF «Vikingen» (1957)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vikingen (1957).jpg
M/F «Vikingen» som ekstraferje i rute Kvanndal-Utne-Kinsarvik på 1980-tallet. Foto: Harald Sætre.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Vikingen»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Bergens mek. Verksteder i Bergen
Verftsnummer: 434
Sjøsett: 1957
Teke ut av teneste: 1989
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JWNI
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 313 bruttotonnregister, 117 nrt
Lengd: 137,8 fot (42,0 m)
Breidd: 30,4 fot (9,3 m)
Djupgang: 7,6 fot (2,3 m)
Installert effekt : 500 bhk
Framdrift: 2x 5cyl. 2T EV DM (Normo i Bergen)
Fart: 11 knop
Passasjerar: 347 passasjerar
Bilar: 27 køyretøy
Generelle mål etter ny motor i 1972
Installert effekt : 750 bhk
Framdrift: 2x 3cyl. 2T DM (Wichmann Motorfabrikk i Rubbestadneset)
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Sun Flower»
Eigar: Eide Shipping Ltd. A/S
Sett i teneste: 1989
Heimehamn: Høylandsbygd
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: MF «Nordöland»
Eigar: Pontos Bunker Service
Sett i teneste: 1990
Heimehamn: Kalmar
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: MF «Singapore II»
Eigar: Ukjend
Sett i teneste: 1995
Heimehamn: Hudviksvall
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: MF «Harley-Davidson I»
Eigar: Restaurang AB Catten
Sett i teneste: 1998
Heimehamn: Stockholm
Lagnad: Eksisterer framleis

MF «Vikingen» var ei bilferje bygt i 1957 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD).

Ferja vart sett inn i ruta Kinsarvik-Utne-Kvanndal fram til 1966, i tillegg til at ho vart nytta som reserveferje. I perioden 1967-1970 gjekk ho i ruta Halhjem-Våge-Bruntveit, og fram til 1975 i ruta Ulvik-Brimnes, i tillegg til at ho igjen vart nytta som reserveferje. I 1972 fekk ferja ny og kraftigare motor. Frå 1975 til 1980 gjekk ferja i ruta Leirvik-Utbjoa-Sydnes-Fjelberg eller Leirvik-Valevåg-Mosterhavn, og fram til 1983 i ruta Leirvik-Utbjoa-Sydnes-Fjelberg eller Leirvik-Ranavik-Sunde. Ferja vart berre nytta som reserveferje i 1983-1984, men så vart ho sett inn i ruta Flatråker-Jektevik-Nordhuglo fram til 1987. I perioden 1985 til 1988 vart ho òg nytta i ruta Bruravik-Brimnes. Frå 1987 til 1989 låg ferja i opplag.

MF Vikingen ved Jektevik i 1985. Foto Harald Sætre

I februar 1989 vart ferja seld til Eide Shipping Ltd. A/S, Høylandsbygd/Bergen og fekk namnet «Sun Flower», men alt i april 1990 vart ho seld til Pontos Bunker Service i Kalmar i Sverige. Der fekk ho namnet «Nordöland» og gjekk i rute mellom ByxelkrokÖland til Oskarshamn fram til 1995. I 1995 vart ho seld til ein ukjend eigar i Hudiksvall og fekk namnet «Singapore II». Ferja vart seld til Restauranga AB Catten i 1998. Bildekket vart innbygd og ferja fekk namnet «Harley-Davidson I». Ho vart då nytta som restaurantbåt i Stockholm fram til ho vart seld i 2007.

Det var planar om å opne eit restaurantskip i Luleå i 2012, men desse planane vart skrinlagte då båten var i for dårleg forfatning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]