Ma'ale Shlomo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ma'ale Shlomo
utpost
Land  Vestbreidda
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Mateh Binyamin
Kart
Ma'ale Shlomo
31°56′58″N 35°20′39″E / 31.9494°N 35.3441°E / 31.9494; 35.3441

Ma'ale Shlomo (hebraisk skrift מַעֲלֶה שְׁלֹמֹה, tyder Salomooppstiginga) er ein israelsk utpost på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg sør for Kokhav HaShahar og høyrer til Mateh Binyamin regionale kommune.

Han vart kalla opp etter Shlomo Alba, ein agronom frå Kokhav HaShahar. Han vart grunnlagd i 1999 og ligg 1,1 km utafor grensene til Kochav HaShahar. Det bur kring 15 familiar i landsbyen.

Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Vestbreidda ulovlege i følgje folkeretten, men dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.