Kfar HaOranim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kfar HaOranim
כְּפָר הָאֳרָנִים, כפר האורנים
landsby
Namneopphav: Furulandsbyen
Land  Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Mateh Binyamin
Koordinatar 31°55′9.48″N 35°2′17.52″E / 31.9193000°N 35.0382000°E / 31.9193000; 35.0382000
Folketal 2 200
Grunnlagd 1997
 - Grunnlagd av Amana
Kart
Kfar HaOranim
31°55′09″N 35°02′18″E / 31.9193°N 35.0382°E / 31.9193; 35.0382
Wikimedia Commons: Kfar HaOranim

Kfar HaOranim (hebraisk skrift כְּפָר הָאֳרָנִים, tyder 'Furulandsbyen'), òg kalla Menora (hebraisk skrift מְנוֹרָה) eller Giv'at Ehud, er ei kollektiv, israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Han har vokse saman med Lapid og ligg nær byen Modi'in. Han er underlagt Mateh Binyamin regionale kommune. I 2007 var folketalet 2 000.

Planlegginga av busetnaden byrja i 1981. Hjørnesteinen vart lagt i 1984 i ein seremoni med den dåverande statsministeren Yitzhak Shamir. Lange kampar i retten over kven som eigde landområde forseinka bygginga, og dei første innbyggjarane flytta først inn i oktober 1997.

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.