Ofra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ofra
עֹפְרָה
landsby
Ofra.jpg
Land Flag of Palestine.svg Palestina
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Mateh Binyamin
Koordinatar 31°57′20″N 35°15′37″E
Folketal 3 200 (2010) [1]
Grunnlagd 1975
 - Grunnlagd av Gush Emunim
Map
Ofra
31°57′20″ N 35°15′37″ E
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ofra
Nettstad: http://muni.tik-tak.co.il/web/index.asp

Ofra (hebraisk skrift עֹפְרָה) er ei israelsk busetjing nord på den okkuperte Vestbreidda, underlagt Mateh Binyamin regionale kommune. Han ligg langs hovudvegen mellom Jerusalem og Nablus og har 3 200 innbyggjarar (2010).

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2] I følgje menneskrettsorganisasjonen B'Tselem er mykje av Ofra bygd på privateigd, palestinsk jord, noko som gjer han ulovleg etter israelsk lov.

Ofra ligg aust for sperringa til Israel på Vestbreidda, kring 25 kilometer frå Den grøne linja, og 20 kilometer nord den grøne linja i Jerusalem.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]