Givat Harel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°3′31.91″N 35°16′23.65″E
Givat Harel
landsby
Wineyard Givat Harel.JPG
Givat Harel
Distrikt Judea- og Samaria-området
Koordinatar 32°3′31.91″N 35°16′23.65″E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Giv'at Har'el

Givat Harel (hebraisk skrift גבעת הראל) er ei israelsk busetjing som vart grunnlagd i 1998.[1] Han er underlagt Mateh Binyamin regionale kommune på den nordlege okkuperte Vestbreidda, nord for Nahal Shilo. Givat Harel ligg på ein ås mellom Eli og Shilo.

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2]

Giv'at Harel er kalla opp etter den 18 år gamle Harel Bin Nun,[3] som vart skoten og drepen av arabiske terroristar den 5. august 1998, medan han og venen Shlomo Liebman var på sivil tryggleikspatrulje i nærleiken av Yitzhar.[4]

Givat Harel er i dag heimstad for nesten 40 familiar.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Settlers take Sharon's advice, occupy hilltops
  2. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010. 
  3. Shilo Israel Children's Fund
  4. Palestine and Arab Terror incidents 1994 - 2000
  5. Shilo: Education