Giv'on HaHadasha
Giv'on HaHadasha | |||
גִּבְעוֹן הַחֲדָשָׁה | |||
landsby | |||
Namneopphav: Ny-Gibeon | |||
Region | Vestbreidda | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Kommune | Mateh Binyamin | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 1895 (original) 1977 (moderne) | ||
- Grunnlagd av | Immigrantar frå Jemen | ||
![]() Giv'on HaHadasha | |||
Wikimedia Commons: Giv'on HaHadasha | |||
Giv'on HaHadashah (hebraisk skrift גִּבְעוֹן הַחֲדָשָׁה, tyder Ny-Gibeon) er ei israelsk busetjing nordvest for Jerusalem på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg nær bydelen Ramot i Jerusalem og like ved Giv'at Ze'ev. Denne fellesbusetnaden er underlagt Matte Binyamin regionale kommune. Han er kalla opp etter den bibelske Giv'on (Josva 10:10+12), som låg i nærleiken.[1] Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2]
Historie[endre | endre wikiteksten]
Busetnaden vart opphavleg grunnlagd i 1895 av jemenittiske jødar, men dei flytta derifrå etter nokre år. Han vart busett på ny i 1924, men innbyggjarane flykta under Palestinaopprøra i 1929. Han vart busett nok ein gong i 1977 av medlemmar av Gush Emunim, og tok etter kvart i mot mange jødiske immigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen, i tillegg til mange innfødde israelarar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Giv'on HaHadasha» frå Wikipedia på engelsk, den 15. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bitan, Hanna: 1948-1998: Fifty Years of 'Hityashvut': Atlas of Names of Settlements in Israel, Jerusalem 1999, Carta, s.15, ISBN 965-220-423-4 (hebraisk)
- ↑ «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.