Oz Zion i Mateh Binyamin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oz Zion i Mateh Binyamin
landsby
Land  Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området

Oz Zion er ein israelsk utpost på den okkuperte Vestbreidda. Han høyrer til Mateh Binyamin regionale kommune. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Vestbreidda ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.[1]

Oz Zion vart grunnlagd ei tid etter 2005 og er derfor ikkje oppført i Sasson-rapporten.[2] Han har blitt evakuert og øydelagd fleire gonger av Det israelske forsvaret (IDF) og Israelsk grensepoliti (IBP) etter grunnlegginga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 6. september 2015. 
  2. Yaakov Lappin (20. januar 2012). «3 cops injured in utpost clearance». Jerusalem Post. s. 10.