Hopp til innhald

Ma'anshan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ma'anshan
prefektur
Land  Folkerepublikken Kina
Areal 4 049,13 km²
Folketal 2 159 930 (2020)[1]
Kart
Ma'anshan
31°42′49″N 118°21′38″E / 31.713531°N 118.360472°E / 31.713531; 118.360472
Ma'anshan (gul) i Anhui
Ma'anshan (gul) i Anhui
Ma'anshan (gul) i Anhui
Wikimedia Commons: Ma'anshan

Ma'anshan (kinesisk skrift 马鞍山; pinyin Mǎ'ānshān) er eit byprefektur aust i provinsen Anhui i Kina, på grensa mot Nanjing i provinsen Jiangsu. Prefekturet har eit areal på 4 042 km² og 2,28 millionar innbyggjarar. Etter august 2011 omfattar byprefekturet Ma'anshan tre distrikt og tre fylke.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Stålindustri er hovudnæring, konsernet Magang («Mastål») har over 100 000 tilsette. Byen Ma'anshan ligg på begge sider av Chang Jiang og har ein heil del skipsindustri.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 205 i Kina passerer gjennom området. Han tek til i Shanhaiguan i Hebei og endar opp sør i Shenzhen i provinsen Guangdong. Vegen går gjennom byar som Tangshan, Tianjin, Zibo, Huai'an, Nanjing, Wuhu, Sanming, Heyuan og Huizhou.

Utsyn over det sentrale Ma'anshan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ma'anshan