Magne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg Magne i norrøn mytologi

Magne er eit mannsnamn av norrønt opphav som bygger på magn eller megin, som tyder 'makt' eller 'styrke'. Den norrøne forma av namnet er Magni, som framleis er skrivemåten på Island og Færøyane.

Andre førenamn som byrjar på Magn- er mellom anna Magna, Magnar, Magnhild og Magny. Namnet Magnus har ikkje norrønt, men latinsk opphav.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet har vore i utstrekt bruk i Noreg heile 1900-talet, men var særleg mykje gjeve frå 1920- til 1950-åra, då frå 0,6 % til opp mot 0,9 % av nyfødde blei kalla det. I 2008 var det 9876 menn som heitte Magne i Noreg (SSB).

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]