Magnus Halvorsen
Magnus Halvorsen | |||
![]() Magnus Halvorsen Foto: Hulda Szacinski/Stortingsarkivet | |||
Fødd | 10. juni 1853 Ålesund kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 14. februar 1922 (68 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre, Samlingspartiet, Frisindede Venstre | ||
Yrke | politikar, handelsmannn | ||
Alle verv |
|
Johan Magnus Halvorsen (10. juni 1853–14. februar 1922) var ein forretningsmann, stortingsrepresentant og statsråd frå Ålesund.
Halvorsen var son av ein kjøpmann i Ålesund, som døydde då Magnus var ni år gammal. Sjølv tok han eksamen ved ein høgare allmennskule i heimbyen, før han i fjortenårs-alderen vart tilsett i hos ein landhandlar på Sunnmøre. I 1874 vart han styrar Selje forbruksforeining (samvirkelag) i Nordfjord. Allereie året etter byrja han som reisande på strekninga Møre-Finnmark for fleire fabrikkar og firma i Bergen. I 1881 etablerte han seg som kjøpmann i Trondheim, med vekt på handel med sild og annan fisk. Han leia firmaet fram til 1909. Sidan var han styrar av Noregs Bank i Trondheim, og elles aktiv næringsaktør i Trondheim.
1895-1904 var Halvorsen medlem av formannskapet i Trondheim.
Han sat på Stortinget i fire periodar:
- 1898–1900 for Venstre som 2. representant frå Trondheim og Levanger, medlem av Lagtinget og næringskomite nr 1.
- 1904–06 for Samlingspartiet som 4. representant frå Trondheim og Levanger.
- 1907–09 for Venstre som 1. representant frå Baklandet krins i Trondheim. Åra 1904-09 var han medlem av næringskomite nr 1 og valkomiteen. I 1907 medlem av den forsterka janrbanekomiteen.
- 1910–12 for Frisinna Venstre som 1. representant fra Baklandet. Formann i næringskomite nr 1 i 1910, og i valkomiteen i 1912.
Halvorsen var finansminister 23. oktober 1907–18. mars 1908.
Han var ei tid formann i Frisinna Venstre.
Under storlockouten i 1911 verka Halvorsen, saman med Alfred Eriksen, som meklar. For denne innsatsen vart dei begge tildelt Borgardådsmedaljen i gull. Han var tidlegare tildelt 7. juni-medaljen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Magnus Halvorsen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1853
- Døde i 1922
- Norske finansministrar
- Statsrådar i Regjeringa Løvland
- Stortingsrepresentantar for Trondheim og Levanger
- Stortingsrepresentantar 1898-1900
- Stortingsrepresentantar 1904-1906
- Stortingsrepresentantar 1907-1909
- Stortingsrepresentantar 1910-1912
- Stortingsrepresentantar frå Samlingspartiet
- Stortingsrepresentantar frå Frisinnede Venstre
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Norske forretningsfolk
- St. Olavs Orden
- Medaljen for borgardåd
- Folk frå Ålesund