Magnus Wislander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnus Wislander


Statsborgarskap Sverige
Fødd 22. februar 1964 (60 år)
Göteborg
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Utmerkingar

Schleswig-Holsteins fortjenstorden, Årets handballspelar frå IHF

Hans Einar Magnus Wislander (fødd 22. februar 1964) er ein svensk tidlegare handballspelar og -trenar. Han var verdsmeister 1990 og 1999, og europameister 1994, 1998, 2000 og 2002. År 1990 kåra til årets handballspelar av IHF. Wislander var ein framifrå smidig linjespelar i landslaget, på klubbnivå vart han også nytta som rykkromspelar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Frå 1981 til 1990 var Wislander aktiv i Redbergslids IK i heimlandet. Med laget frå Göteborg vann han den svenske handballserien fire gongar før han fór utanlands. Sidan var han i tolv sesongar THW Kiel-spelar. Her var med på å vinne bundesligaen heile sju gongar, og den europeiske cupvinnarcupen i 1998 og 2002. I mellom desse to sistnemnde triumfen, måtte han og lagkameratane tole tap i meisterliga-finalane 2002 mot FC Barcelona. Frå 2002 til han la opp i 2005 var han atter Redbergslid-spelar, seriemeister i den fyrste sesongen.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Wislander hadde enorm suksess med det svenske landslaget åra 1990 til 2002. Over denne 13-års perioden fekk han med seg 13 medaljar frå dei største internasjonale landslagsturneringane. Omframt to VM-gull og fire EM-gull, sanka han tre OL-sølv, to VM-sølv og like mange VM-bronsar. Perioden 1985 til 2004 spelte han 384 landskampar for Sverige og skåra 1185 mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1990: Gullmedalje, 27-23 mot Sovjetunionen
  • Sommar-OL 1992: Sølvmedalje, 20-22 mot «Sovjetunionen»
  • VM 1993: Bronsemedalje, 26-19 over Sveits
  • EM 1994: Gullmedalje, 34-21 over Russland
  • VM 1995: Bronsemedalje, 26-20 mot Tyskland
  • Sommar-OL 1996: Sølvmedalje, 26-27 mot Kroatia
  • VM 1997: Sølvmedalje, 21-23 mot Russland
  • EM 1998: Gullmedalje, 25-23 mot Spania
  • VM 1999: Gullmedalje, 25-24 mot Russland
  • EM 2000: Gullmedalje, 32-31 mot Russland
  • Sommar-OL 2000: Sølvmedalje, 26-28 mot Russland
  • VM 2001: Sølvmedalje, etter 25-28 mot Frankrike
  • EM 2002: Gullmedalje, 33-31 mot Tyskland
  • Vinnar av EHF-cupvinnarcupen: 1998 og 2002 med THW Kiel
  • Finaletap i EHF-meisterligaen: 2000 med THW Kiel
  • Svensk seriemeister: 1985.1986, 1987, 1989 og 2003 med Redbergslids IK
  • Tysk ligameister: 1994, 1995, 1996, 1998, 1999, 2000 og 2002 med THW Kiel
  • Tysk pokalvinnar: 1999 og 2000 med THW Kiel

Kjelder[endre | endre wikiteksten]