Hopp til innhald

Handball-EM 1998 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Europameisterskapen i handball 1998 for menn, den 3. i rekka, vart avvikla i dagane frå 29. mai til 7. juni 1998 i Italia. 12 land deltok i turneringa: Frankrike, Italia, Jugoslavia, Kroatia, Litauen, Makedonia, Russland, Spania, Sverige, Tsjekkia, Tyskland og Ungarn.

Turneringa fann stad i byane Bolzano og Merano i Bolzano-provinsen.

Gull, sølv og bronse[endre | endre wikiteksten]

Sveriges mannskap vart europameistrar for fyrste gong gjennom å slå Spania med 25 mål mot 23 i finalen. Sverige leia heile 15–9 ved pause og kontrollerte inn til tomåls-triumf i den andre omgangen. Johan Pettersson og Lubomir Vranjes skåra kvar sine 6 mål for vinnarlaget. Elles fann Stefan Lövgren vegen til nettmauskane 4 gongar, Staffan Olsson og Thomas Sivertsson, 3 gongar, begge, Magnus Wislander 2 og Martin Frändesjö 1 gong. Magnus Andersson, Ola Lindgren og målvakta Peter Gentzel kom ikkje på skåringslista. Med sine 6 nettkjenningar vart sovjet-fødde Andrej Tsjepkin toppskårar for Spania.

Finaledommarar var norske Svein Olav Øie og Bjørn Høgsnes. 6 100 tilskodarar på tribunane under finalen i Bolzano.

I kampen om bronsemedaljane sigra Tyskland 30–28 mot Russland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]