Hopp til innhald

Make a Little Magic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Make a Little Magic
Studioalbum av The Dirt Band
Utgjeve 1980
Sjanger
Lengd 34:18
Selskap Liberty
Produsent Jeff Hanna, Bob Edwards
The Dirt Band-kronologi 
An American Dream
(1979)
Make a Little Magic Jealousy
(1981)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[1]

Make a Little Magic er det ellevte studioalbumet til The Dirt Band, tidlegare kalla Nitty Gritty Dirt Band.

Albumet held fram den meir polerte softrockstilen dei byrja å spele etter dei forkorta namnet sitt til The Dirt Band, men på eitt og anna spor prøver dei seg på ein litt hardare, arenarock-aktig stil, som på «Badlands».[1]

Tittelsporet på albumet vart gjeve ut på singel og nådde 77. plassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks-lista, men nådde 25. plassen på Billboard Hot 100[2] med Nicolette Larson på korsong. Albumet nådde 62. plassen på Billboard 200-lista. Albumet inneheld òg ein versjon av Cindy Bullens-songen «Anxious Heart».

Allmusic skreiv om albumet: «Sjølv om intensjonen med auka energi er verdsett -- og det same er den delikate, akustiske avslutningssongen «Mullen's Farewell to America», eit nikk til den meir progressive starten deira -- er albumet best når dei gjer det litt rolegare, som på dei par songane med Larson på vokal eller den lette rytmen på «Too Good to Be True».»[1]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Make a Little Magic»Hanna, Hathaway, Carpenter3:55
2.«Badlands»Hathaway, Carpenter, Hanna4:14
3.«High School Yearbook»Hanna, Hathaway, Carpenter2:44
4.«Leigh Anne»Holster4:10
5.«Riding Alone»Hathaway, Carpenter, Hanna2:20
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Anxious Heart»Bullens, Veitch2:43
7.«Do It! (Party Lights)»Fadden, Carpenter, Hathaway, Hanna4:24
8.«Harmony»Hanna, Fadden4:22
9.«Too Good to Be True»Carpenter, Hanna3:38
10.«Mullen's Farewell to America»McEuen, Garth1:48

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
  • Jimmie Fadden - elektrisk og akustisk munnspel
  • John McEuen - lapsteelgitar, mandolin, akustisk gitar på «Mullen's Farwell»
  • Jeff Hanna - solovokal, rytme- og sologitar, korvokal
  • Bob Carpenter - solovokal på «Leigh Ann» og «Harmony»
  • Richard Hathaway - elektrisk bass, korvokal
  • Al Garth - klaverinstrument, alt- og tenorsaksofon, fiolin, bratsj
Andre musikarar
  • Rick Shlosser - trommer og programmering
  • Nicolette Larson - kor- og harmonivokal på «Make A Little Magic», «Do It» og «Harmony»
  • Haden Gregg - korvokal på «Anxious Heart» og «Badlands»
  • Geoffrey Morris - slidegitar på «Too Good To Be True»
Teknisk
  • Produsent - Jeff Hanna og Bob Edwards

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1980) Plassering
US Billboard 200 62
Canadiske RPM Country Albums 12
Canadiske RPM Top Albums 64
  1. 1,0 1,1 1,2 Stephen Thomas Erlewine. «Allmusic review». Rovi Corporation. Henta 23. oktober 2020. 
  2. Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research. s. 177.