Malcolm Burn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Malcolm Burn
Fødd4. oktober 1960 (63 år)
FødestadCornwall i Ontario i Canada
FødenamnMalcolm Burn
OpphavCanada
AktivSidan 1981
SjangerRock, pop
InstrumentVokal, klaverinstrument, bass, gitar, trommer
Tilknytte artistarBoys Brigade
Verka somPlateprodusent, lydteknikar, musikarr

Malcolm Burn (fødd 4. oktober 1960) er ein kanadisk plateprodusent, lydteknikar og musikar.

Tidleg i 1980-åra vart Burn songar og klaverspelar i det kanadiske bandet Boys Brigade. I 1988 flytta han til New Orleans, der han arbeidde med Daniel Lanois (kjend for arbeidet med U2 & Peter Gabriel) på fleire prosjekt. Samarbeidet byrja med at Burn spelte klaverinstrument og gitar på den første soloplata til Lanois, Acadie. Burn spelte igjen med Lanois for Bob Dylan på albumet Oh Mercy, og på Yellow Moon av The Neville Brothers.[1][2]

Burn har produsert innspelingar for Blue Rodeo, Emmylou Harris (Red Dirt Girl, Stumble into Grace), Midnight Oil (Breathe), Patty Griffin, Crash Vegas (Red Earth) og Patti Smith (Gone Again).

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • 2001: Vinnar - Grammyprisen for beste moderne folkealbum med Jim Watts (lydteknikar) og Emmylou Harris for Red Dirt Girl
  • 2004: nominert - Junoprisen for «Årets produsent» for «Here I Am» / «I Will Dream», Emmylou Harris

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • 1983 - Boys Brigade (Anthem/Capitol Records) - album produsert av Geddy Lee frå Rush
  • 1988 - Redemption
  • 1996 - After Dinner Mints (Handsome Boy Records) - under bandnamnet Pregnant

Produsent og musikar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jackson, Blair (august 2004). «Producer Malcolm Burn Steps Into Solo Spotlight». MixOnline. Arkivert frå originalen 31. desember 2010. 
  2. Levine, Mike. "The Emusician.com interview with producer/engineer Malcolm Burn", "EMusician.com" - August 2005.
  3. «Up To You». Discography. Blue Peter. Arkivert frå originalen 25. mai 2011. Henta 31. januar 2011. 
  4. «NoMermaid». Discography. Malcolm Burn. Arkivert frå originalen 27. mars 2009. Henta 16. mars 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]