Daniel Lanois

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Daniel Lanois
Daniel Lanois - Steel Guitar.jpg
Lanois spelar steelgitar
Fødd19. september 1951 (67 år)
FødestadHull i Quebec i Canada
FødenamnDaniel Roland Lanois
OpphavAncaster i Ontario i Canada
AktivSidan 1976
SjangerRock, alternativ rock, ambient
InstrumentVokal, gitar, bass, pedalsteel, omnichord, klaverinstrument
Tilknytte artistarBob Dylan, U2, Peter Gabriel, Neil Young, Raffi, Malcolm Burn, Brian Eno, Aaron Neville, Daryl Johnson, Rocco DeLuca, Scott Weiland, Black Dub, Trixie Whitley, Spoons, Venetian Snares, The Parachute Club
PlateselskapOpal, Warner Bros., ANTI-, Red Floor, MapleMusic Recordings (Canada)
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent
PrisarCzłowiek ze Złotym Uchem, Governor General’s Performing Arts Award, Jack Richardson Producer of the Year Award, Grammy Award for Album of the Year, Jack Richardson Producer of the Year Award, Grammy Award for Producer of the Year, Non-Classical, Grammy Award for Album of the Year, Grammy Award for årets innspilling, Grammy Award for årets innspilling, Grammy Award for Best Rock Album, Canadian Music Hall of Fame, Jack Richardson Producer of the Year Award, Juno Award for Instrumental Album of the Year, Jack Richardson Producer of the Year Award, Jack Richardson Producer of the Year Award, Canada’s Walk of Fame

Daniel Roland Lanois, CM (fødd 19. september 1951) er ein kanadisk plateprodusent, gitarist, vokalist og låtskrivar.

Lanois har gjeve ut fleire album som soloartist, men han er mest kjend som produsent for ei rekkje artistar. Blant desse artistane finn ein Bob Dylan, Neil Young, Peter Gabriel, Emmylou Harris, Willie Nelson og Brandon Flowers. Lanois har òg samarbeidd med Brian Eno og er kanskje mest kjend for å ha produsert fleire album for U2, inkludert storseljarane The Joshua Tree og Achtung Baby. Tre album produserte eller delvis produserte av Lanois har vunne Grammyprisen for årets allbum i USA. Fire andre album har vore nominerte til denne prisen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Lanois byrja produksjonskarrieren sin som 17-åring,[1] då han produserte lokale artistar som Simply Saucer med broren Bob Lanois i eit studio i ein kjellar heime hos mora i Ancaster i Ontario. Seinare skipa Lanois Grant Avenue Studios i eit gammalt hus han kjøpte i Hamilton i Ontario.[2] Han arbeidde med ei rekkje lokale band, som Martha and the Muffins (der systera Jocelyne spelte bass), Ray Materick, Spoons og den kanadiske barnesongaren Raffi.

I 1981 spelte Lanois på og produserte albumet This Is The Ice Age av Martha and The Muffins. I 1985 fekk han ein CASBY-pris for arbeidet sitt med eit Martha and the Muffins-album.[3]

Lanois samarbeidde med Brian Eno på somme av Eno sine eigne prosjekt, mellom anna kjenningsmelodien for David Lynch-filmen Dune. Eno inviterte han til å vere medprodussent på U2-albumet The Unforgettable Fire. I lag med Eno produserte han vidare The Joshua Tree for U2 i 1987, og dette vann Grammy-prisen for årets album. Seinare var han produsent på Achtung Baby og All That You Can't Leave Behind, som begge vart nominerte til den same prisen. Lanois arbeidde nok ein gong med U2 og Brian Eno i 2009 på albumet No Line on the Horizon. Han var då òg involvert i låtskrivinga og noko av miksinga.[4]

Arbeidet til Lanois med U2 opna dørene for andre toppseljande artistar. Han samarbeidde med Peter Gabriel på albumet sitt Birdy (1985), filmmusikken til Alan Parker-filmen med same namn, og det meste av 1985 gjekk med til å produsere Gabriel-albumet So, som kom ut i 1986 og vart det bestseljande albumet hans. Det vart òg nominert til Grammy-prisen for årets album. Seinare produserte Lanois òg oppfølgjaren, Us, som kom ut i 1992.

Bono føreslo Lanois for Bob Dylan seint i 1980-åra. I 1989 produserte Lanois Dylan-albumet Oh Mercy. Åtte år seinare arbeidde dei saman igjen på Time Out of Mind. Dette albumet vann prisen for årets album i USA i 1997. I sjølvbiografien sin, Chronicles, Vol. 1, skildrar Dylan det omstridde men givande arbeidsforholdet han utvikla med Lanois.[5]

I 1995 samarbeidde Lanois med Emmylou HarrisWrecking Ball og vann i 1996 prisen for årets beste moderne folkealbum. I 1998 produserte han og spelte på Willie Nelson-albumet Teatro.

Lanois arbeidde med Neil Young på albumet Le Noise i juni 2010 då Lanois var skadd etter ei motorsykkelulukke i Silver Lake-området i Los Angeles.[6] Han har sidan blitt frisk att.[7] Produksjonsstilen til Lanois er kjend for den «store» og «levande» trommelyden, atmosfæriske gitarar og romlege klang.[8] Rolling Stone kalla Lanois «den viktigaste plateprodusenten som kom til i 80-åra».[9]

I tillegg til å vere produsent er Lanois òg låtskrivar, musikar og plateartist. Han har gjeve ut fleire soloalbum og laga filmmusikk. Det første albumet hans, Acadie, kom ut i 1989.[10] Ei rekkje av songane til Lanois er blitt spelte av andre artistar, som Dave Matthews, Jerry Garcia Band, Willie Nelson, Tea Party, Anna Beljin, Isabelle Boulay og Emmylou Harris, og albuma hans har hatt noko sukess, særleg i Canada. Lanois spelar gitar, pedalsteelgitar og trommer. Det instrumentale albumet hans Belladonna frå 2005 vart nominert til ein Grammypris.[11]

I oktober 2009 skipa Lanois eit prosjekt kalla Black Dub med han sjølv på gitar, Brian Blade på trommer og Daryl Johnson på bass, i tillegg til songaren Trixie Whitley. Dei gav ut eit album i 2010.[12]

Lanois medverka med musikk til videospelet Red Dead Redemption 2 i 2018.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

År Album
1989 Acadie
1993 For the Beauty of Wynona
1993 Trip: Soundtrack Collection
1993 Waves of Air
1994 Cool Water
1996 Sweet Angel Mine
Lost in Mississippi (filmmusikk)
Sling Blade (filmmusikk)
2003 Shine
2004 Rockets
2005 Belladonna
2007 Here Is What Is
2008 Omni Series (plateboks)
2010 Black Dub
2011 Harvest Festival 2011
2014 My Music For Billy Bob
2014 Flesh and Machine
2016 Goodbye to Language
2018 Venetian Snares x Daniel Lanois

Filmar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Skildring
1993 Rocky World Dokumentar om musikken og reisene til Lanois tidleg i 1990-åra.
2007 Here Is What Is Dokumentar om innspelinga av albumet Here Is What Is

Produksjonsarbeid[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lanois, Daniel». The Kanadiske Encyclopedia. Henta 8. desember 2018.
  2. «Grant Avenue Studios/ Daniel Lanois». Henta 2007-01-24. 
  3. Kirk LaPointe (11. mai 1985). «CASBY Awards: The people speak». Billboard (Nielsen Business Media, Inc.): 74–. ISSN 0006-2510. 
  4. «No Line on the Horizon». U2.com. Henta 8. desember 2018. 
  5. Dylan, Bob (2004). Chronicles, Vol. 1. Simon & Schuster. s. 176ff. 
  6. Daniel Lanois injured in motorcycle crash Mal:Webarchive
  7. Sterdan, Daniel. «Lanois, Daniel: Lanois back in action after crash». Canoe Inc. Arkivert frå originalen 2013-01-15. 
  8. «Electronic Musikar Feature». Emusician.com. 13. oktober 2011. Arkivert frå originalen 15. september 2011. Henta 8. desember 2018. 
  9. «Candadaswalkoffame.com». Canadaswalkoffame.com. 19. september 1951. Arkivert frå originalen 4. februar 2012. Henta 8. desember 2018. 
  10. «25 best Kanadiske debut albums ever». CBC Music, 16. juni 2017.
  11. «NYtimes.com». NYtimes.com. 8. desember 2005. Henta 8. desember 2018. 
  12. Regina Leader-Post[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Daniel Lanois