Mangawhai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mangawhai
Horisonten til Mangawhai
Styresmakter
Land
Region
Distrikt
New Zealand
Northland
Kaipara
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2006)

1665
Koordinatar 37°7′35″S 174°34′29″EKoordinatar: 37°7′35″S 174°34′29″E
Innbyggjartalet er Mangawhai og Mangawhai Heads til saman

Mangawhai ein liten by i regionen NorthlandNew Zealand ved Mangawhai Harbour. Mangawhai ligg i den sørvestlege delen av hamna, og busetnaden Mangawhai Heads ligg fem km mot nordaust. Kaiwaka ligg 13 km mot sørvest og Waipu 20 km nordvest for Mangawhai Heads.[1][2]

Folketalet i Mangawhai distrikt var 813 ved folketeljinga i 2006, ein oppgang på 189 frå 2001. Det statistiske distriktet dekkjer eit betydeleg større område enn sjølve byen.[3] Folketalet i Mangawhai Heads var 852 i 2006, opp 132 frå 2001.[4]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Tidleg og midt på 1800-talet var Mangawhai Harbour ein av dei viktigaste tilgangsstadane til Kaipara. Maoriar frå iwien Ngāti Whātua brukte å dra wakaer (kanoar) over land frå Kaiwaka til Mangawhai.[5] Ei gruppe krigarar frå iwien Ngā Puhi gjekk i land ved Mangawhai i februar 1828 og drog tolv kilometer inn i landet for å gå til åtak på Ngāti Whātua ved Te Ika-a-ranga-nui nær Kaiwaka.[6][7]

Seinare på 1800-talet reiste nybyggjarar med båt frå Auckland til Mangawhai, så gjekk dei til Kaiwaka, og drog så vidare att med båt over Kaipara Harbour. Tidleg på 1860-talet fanst det ein kjerreveg mellom Mangawhai og Kaiwaka.[8]

Mangawhai Heads Beach.

Byane marknadsfører seg som turistmål ikkje så langt frå Auckland med natur prega av mangrovar og pōhutukawa-tre på ei side av hamna og fine strender og sanddyner på den andre.

Sandindustri[endre | endre wikiteksten]

Utvinning av sand starta ved innløpet til Mangawhai Harbour i 1953.[9] I 1988 fall sanddynene saman, og innløpet til hamna var stengt i fire år før det vart opna att. Interessegruppa The Mangawhai Harbour Restoration Society meiner at det var utvinninga av sand som starta kollapset.[10][11]

Frå 1993 til 2004 vart sand til kommersiell bruk sogen ut frå sandbankane ved Mangawhai Heads.[12][13] I 2004 vann Mangawhai Harbour Restoration Society ei rettsavgjerd i Miljødomstolen om å stoppa utferding av nye lisensar for sandfjerning.[10] Selskapa anka avgjerda til regionstyret i Auckland, men fekk avslag her også i 2005.[14]

Ein søknad om å få utvinna sand i Mangawhai Forest var i 2008 til handsaming i Miljødomstolen.[15]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]