Kaipara District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kaipara District
region
none  Utsyn mot Maungaturoto
Utsyn mot Maungaturoto
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Region Northland
Hovudstad Dargaville
Areal 3 109 km²
Folketal 18 960[1] (2013)
Tidssone NZST (UTC+12)
Kaipara Territorial Authority.PNG
Wikimedia Commons: Kaipara District
Nettstad: http://www.kaipara.govt.nz

Kaipara District ligg i regionen NorthlandNordøyaNew Zealand. Byen Dargaville er administrasjonssenter i distriktet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kaipara District er dei låge åsområda kring dei nordlege breiddene til Kaipara Harbour, ei stor, naturleg hamn som opnar seg mot Tasmanhavet.

Det grovt sett trekanta distriktet strekkjer seg frå ei avsmaling på halvøya North Auckland Peninsula sør for Maungaturoto i søraust, til skogområdet Waipoua Forest i nordvest, og strekker seg herfrå nedetter vestkysten til Kaipara Harbour. Distriktet er delt i to av elva Wairoa River og tilførsleelvene som tømmer seg i nordenden av Kaipara Harbour.

Populasjon[endre | endre wikiteksten]

Byane Dargaville, Maungaturoto og Kaiwaka og områda omkring hadde ved folketeljinga i 2013 eit innbyggjartal på 18 960.[1] Av desse bur om lag 4250 i Dargaville, som er den største busetnaden i distriktet.[2]

Populasjonen er for ein stor del rural, og held til i mindre busetnader som ligg spreidd omkring i det bølgjande landskapet. Området kring Dargaville er kjent for å ha mange innbyggjarar som stammar frå Dalmatia.

Den næraste større byen er Whangarei, 45 km nordaust for Dargaville.

Lokalstyre[endre | endre wikiteksten]

Kaiparadistriktet er delt i fire område:

  • Dargaville
  • Otamatea
  • Central
  • West Coast

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 2013 Census QuickStats about a place: Kaipara District. Statistics New Zealand. den 15. september 2016.
  2. 2013 Census QuickStats about a place: Dargaville. Statistics New Zealand. den 15. september 2016.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]