Paula Radcliffe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paula Radcliffe
Paula Radcliffe at the Berlin Marathon 2011.jpg
Fødd 17. desember 1973
Northwich
Paula Radcliffe på Commons

Paula Jane Radcliffe (fødd 17. desember 1973) er ein britisk tidlegare langdistanseløpar frå Northwich i Cheshire. Ho vart europameister på 10 000 meter i 2002 og verdsmeister i maraton i 2005. Med tida 2.15.25 er Radcliffe verdsrekordhaldar i maraton, sett under London maraton i 2003, eit løp ho elles vann tre gongar; 2002, 2003 og 2005. Også i New York maraton har ho sigra ved tre høve; 2004, 2007 og 2008.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Radcliffe utmerkte seg fyrst i terrengløp, juniorverdsmester i 1992. Frå 1993 var ho alltid å sjå i teten på 3 000 m eller 5 000 m og til sist 10 000 m når dei store bane-meisterskapane vart avvikla. Men ettersom ho var ein heller svak spurtar hamna ho kvar gong utanfor sigerspallen. Einast under VM i friidrett 1999 i Sevilla lukkast ho å vinne ein sølvmedalje, då på 10 000 meter.

Både i 2001 og 2002 vann Radcliffe VM-gull i terrengløp, og i desember 2003 vart ho europameister i terrengløp. I den same perioden kom også hennar største prestasjone på bane, ho vann gullmedaljen på 10 000 meter under EM 2002. Vinnartida 30.01,0 er britisk rekord og i 2015.

I 2002 byrja Radcliffe å satse på maratondistansen, og sigra i London maraton på tida 2.18.54, ny verdsrekord. Eit halvår seinare, 13. oktober 2002, forbetra ho sin eigen verdsrekord til 2.17.18 då ho vann Chicago maraton. Nøyaktig eit halvt år etter rekordløpet i Chicago, forbetra ho verdsrekorden enno ein gong. Vinnartida 2.15.25 er framleis (2015) den beste maratontida av ei kvinne.

Radcliffe var favoritt til å vinne gullmedaljen i OL i Aten samme år, men mageproblemn førte til at ho braut etter 36 km. Fem dagar seinare braut ho også 10000 m, åtte rundar før mål. Ho kom sterkt tilbake og vann sitt neste løp, New York City maraton 2004. Våren 2005 vann ho London maraton for tredje gong og i august vann ho VM-gull i maraton under VM i Helsinki. Ho deltok i Sommar-OL 2008 og hamna langt nede på resultatlista.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap på bane[endre | endre wikiteksten]

Personlege rekordar[endre | endre wikiteksten]

  • 1500 m: 4.05,3 (2001 i Glasgow)
  • 3 000 m: 8.22,2 (2002 i Monaco)
  • 5 000 m: 14.29,1 (2004 i Bydgoszcz)
  • 10 000 m: 30.01.0 (2002 i München)
  • Maraton: 2.15.25 (2003 i London)

Alle tidene, unnateke 1500 m, er britiske rekordtider i 2015.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]