Marco Marazzoli
Marco Marazzoli | |||
Fødd | 1602 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Parma | ||
Død | 26. januar 1662 (59 år) | ||
Dødsstad | Roma | ||
Opphav | Hertugdømet Parma | ||
Sjanger | opera, kyrkjemusikk, oratorium | ||
Instrument | harpe, vokal | ||
Verka som | komponist, harpist, songar |
Marco Marazzoli (1602–26. januar 1662) var ein italiensk prest og barokkomponist.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Marazzoli var fødd i Parma, og fekk tidleg opplæring som prest. Han blei ordinert rundt 1625. Han flytta til Roma i 1626, og gjekk inn i teneste hjå kardinal Antonio Barberini. I 1631 følgde han kardinalen på ei reise til Urbino i lag med andre musikarar som Filippo Vitali og Landi, og kan også ha følgd han på andre offisielle reiser. I 1637 blei Marazzoli utnemnd til Barberini sin aiutante di camera, og blei tenor i det pavelege kapellet same året. I 1639 fekk han stilling som musico under Barberini.
Frå rundt denne tida er det mogleg å spora nokre av komposisjonane til Marazzoli til bestemte stader og funksjoner. I 1638 skreiv han musikk til balletten La piazza d'Orlando til karnevalet i Venezia og intermedioet til Chi soffre, speri til karnevalet i 1639. Desse to verka blei oppførte i Palazzo Barberini.
Etter 1640 byrja han å komponera meir for velgjerarar i Ferrara og Venezia, mellom anna ein opera, L'Amore trionfante dello Sdegno (eller L'Armida), til eit bryllaup i Ferrara i 1641.
Også i 1641 blei Barberini-familien innblanda i Castro-krigane. Marazzoli sette hendingane ved slaget som blei kjempa av Taddeo Barberini og Luigi Mattei i oktober 1641 til musikk i Le pretensioni del Tebro e del Po, som truleg blei komponert seint i 1641. Ein revidert versjon av L'Armida blei framført i januar 1642 på ei festleg tilstelling. Til karnevalet i 1642 fekk Marazzoli framført ein annan opera, Gli amori di Giasone e d'Isifile. Etter dette vende han tilbake til Ferrara og dirigerte ei ny framføring av Le pretensioni for å feira at Taddeo Barberini kom tilbake til byen i mars 1642.
Då Marazzoli kom tilbake til Roma ved midten av året, komponerte han operaen Il giudito della ragione tra la Beltà e l'Affetto (eller Il Capriccio), som blei urframført på karnevalet i 1643. Mot slutten av 1642 fekk Marazzoli paveleg løyve til å reisa til Paris med ei gruppe italienske musikarar. Her blei han sysselsatt ved hoffet til Anna av Austerrike, og komponerte kammerkantatar som ho var svært nøgd med.
Marazzoli vendte tilbake til Roma i april 1645, men fann då til si sorg at Barberini-familien var blitt utvist til Frankrike (der han skulle bli verande til 1653). Han skreiv då oratorium på latin og italiensk, nokre av dei for Arciconfraternita del SS Crocifisso.
Etter at Antonio Barberini kom tilbake, bestilte han ein opera frå Marazzoli til bryllaupet til Taddeo Barberini sin son, Maffeo Barberini. På grunn av tidspress samarbeidde Marazzoli med Antonio Maria Abbatini om å laga Dal male il bene, som blei framført under karnevalet i 1654 på Barberini-teateret, Teatro delle Quattro Fontane.
Le armi e gli amori skulle bli framført på karnevalet i 1655, men den pavelege konklaven i 1655 avbraut produksjonen. Han blei så framført i 1656, i lag med Dal male il bene og Marazzoli sin siste opera, Vita humana (komponert for å heidra den vitjande dronninga Kristina av Sverige).
Marazzoli kan ha komponert prologen til ein ballett av Jean-Baptiste Lully frå 1657 med tittelen L'Amour malade, men dette er ikkje sikkert. Frå 1655 komponerte Marazzoli verk tinga av pave Aleksander VII, inkludert festivalkantatar. Alexander utnemnde han til cameriere extra i 1656, men dette året kom ei pest til landet, og det musikalske liv i Roma gjekk tilbake fram til 1660.
Marazzoli var også ein kjend harpespelar, og spelte på den forgylla trippelharpa «Barberini-harpa», som var måla av Giovanni Lanfranco og som i dag tilhøyrer Museo degli Strumenti Musicali i Roma.
Marazzoli blei alvorleg skadde i ei ulykke under ei messe ved Det sixtinske kapellet den 25. januar 1662, og døydde dagen etter.
Verk
[endre | endre wikiteksten]Sceneverk
[endre | endre wikiteksten]- Operaer
- La pazzia d'Orlando (1638, tapt)
- La fiera di Farfa (1639)
- L'Amore trionfante dello Sdegno (L'Armida) (1641)
- Gli amori de Giasone e d'Isifile (1642, tapt)
- Le pretensioni del Tebro e del Po (1642)
- Il giudito della ragione tra la Beltà e l'Affetto (Il Capriccio) (1643, tapt)
- Dal male il bene (1654)
- La Vita humana (1656) - libretto av Rospigliosi, den framtidige pave Klemens IX.
- Le armi e gli amori (1656)
- Andre
- Intermedio for Troades (1640, tvilsamt)
- Prolog til L'Amour malade av Lully (1657, tvilsamt)
Oratorium
[endre | endre wikiteksten]- Latinske oratorium
- Erat fames in terra Canaan
- Erat quidam languens Lazarus
- Erat quidem languidus
- Homo erat pater familias
- Venit Jesus in civitatem Samarie
- O mestissime Jesu
- Italienske oratorium
- Per il giorno della resurrezione
- S Tomaso
- S Caterina
- Natale di N.S. (lost)
- Per ogni tempo (lost)
- S Giustina di Padova (lost)
- Ecco il gran rè de regi
- Poiché Maria dal sui virgineo seno
- Qual nume omnipotente che diè leggi
- Udito habbiam Giesù
Kantatar
[endre | endre wikiteksten]Marazzoli skreiv ei rekkje kantatar, for ein til seks røyster med continuo.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Marco Marazzoli» frå Wikipedia på engelsk, den 19. april 2024.