Marianne Dahlmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marianne Dahlmo
Fødd 5. januar 1965
Bodø
Yrke langrennsløpar

Marianne Dahlmo (fødd 1. mai 1965) er ein norsk tidlegare langrennsløpar frå Bodø. Ho vann fire renn i verdscupen i langrenn i tida 1986-89, og enda på andreplassen i verdscupen 1986 og på tredjeplassen sesongen etter. Dahlmo, som var medlem av Bodø & Omegn IF, vart dobbel noregsmeister i 1986 og fekk tre stafettmedaljar med Noreg i åra 1987-89. Ho var ein av dei første kvinnelege langrennarane som meistra skøyteteknikken.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Dahlmo debuterte i verdscupen i Davos 18. desember 1984. Ho fekk sin fyrste pallplass då i byrjinga av mars 1985 vart nummer tre på ein 5 kilometer i Lahti. Sin fyrste siger i eit verdscuprenn tok ho på 20 km i Oberstdorf 15. februar 1986. Kvar av dei neste tre sesongane vann ho eit renn verdscupen, den fjerde og siste sigeren kom på 10 km i Klingenthal den 10. januar 1989. Både i 1986- og 1987-sesongen kjempa ho om å vinne verdscupen for kvinner, men vart nummer to i 1986 og tre året etter, begge gongane var det finske Marjo Matikainen som sikra seg FIS-pokalen.

Dahlmo deltok i alle fire verdsmeisterskapane på ski i perioiden 1987 til -93. Hennar beste individuelle plasseringar var to femteplassar, fyrst på 10 km i 1987 og så 5 km i 1991. Både i VM 1987 og OL 1988 gjekk ho for Noregs to sølvlag i 4 x 5 km stafett, medan ho i 1989 fekk ein bronsemedalje på stafetten under ski-VM i Lahti.

I 1986 vart Dahlmo norsk meister både på 5 km og 20 km. Dei neste fire åra, 1987-90, sikra ho seg fire NM-sølv og like mange NM-bronsar.

Ho la opp etter 1994-sesongen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar