Marie Høeg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marie Høeg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. april 1866
Langesund
Død

22. februar 1949 (82 år)
Oslo

Yrke fotograf, stemmerettsforkjempar
Marie Høeg på Commons

Marie Høeg (15. april 186622. februar 1949) var ein norsk fotograf og kvinnesaksaktivist. Ho hadde fotografutdanning frå Finland, og etter endt læretid hadde ho eigne fotoatelier i Ekenäs og Hangö i Finland.[1] I Finland møtte ho den framtidige samarbeids- og livspartnaren sin, den fem år yngre Bolette Berg, som også var fotograf. Saman reiste dei til Horten og oppretta fotofirmaet Berg & Høeg Fotoatelier rundt 1895. På denne tida pågjekk kampen for kvinneleg røysterett i Noreg. Eit år tidlegare hadde Landskvinnestemmerettsforeningen, via venstremannen Viggo Ullmann og hans meiningsfellar, levert inn eit forslag om endring i grunnlova slik at kvinner kunne få allmenn røysterett på lik linje med menn.

Fotografi og kjønn[endre | endre wikiteksten]

Fotografering blei sett på som eit anstendig og akseptabelt yrke for kvinner rundt 1900, då det var eit yrke som kravde ein viss estetisk sans, noko ein rekna var ein del av den kvinnelege naturen. Mange av kvinnene som dreiv fotoatelier eller studio på denne tida hadde kvinnelege partnarar, som dei ofte også budde saman med.[2] I 1910 var det registrert heile 118 sjølvstendige kvinnelege fotografar i Noreg, men ein går ut frå at talet var høgare då mange kvinner skjulte seg bak eit fotofirmaet til ein mannleg slektning.[2] Bileta til Marie Høeg var ikkje i utgangspunktet verd å merkje seg. Dei heldt seg innanfor samtidas standardar innanfor landskapsfotografi og portrett.

På 1980-talet blei det funne ei eske med glasnegativ på ei låve i Hadeland som viste seg å vere den private fotosamlinga til Marie og Bolette.[3] Bileta viser to kvinner som utfordrar det normative synet på kjønn og roller i samtida, og dei kan sjåast som ikon for ein ny diskurs om kjønn og identitet.[3] Fleire av fotografia er i så måte grensesprengjande og viser tydeleg at Marie Høeg kjempa for retta til å sjølv definere kven ho var, og ikkje minst kva ei kvinne skulle og kunne vere. Desse bileta er seinare blitt vist på utstillingar, og historia til Høeg har fått ei del merksemd, nettopp fordi ho utfordrar etablerte førestillingar kring kjønnsroller og retten til å sjølv bestemme korleis ein skal definere seg sjølv.[3]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kvinnesaksforkjemparen[endre | endre wikiteksten]

I mars 1896 skipa Marie Høeg den fyrste diskusjonsforeininga for kvinner i landet. Høeg meinte at ein måtte ha eit forum der kvinner, som ho meinte var oppseda til å teie i forsamlingar, skulle lære å diskutere. Dette var provoserande tankar på slutten av 1800-talet, og for å ufarleggjere foreininga tilføydde dei selskabelig i namnet hennar, som då blei heitande Den Selskabelige Diskussionsforening. Foreininga eksisterer framleis, men no under namnet Hortens diskusjonsforening.[4] Målet til foreininga mål var å førebu kvinner til å delta i politiske diskusjonar når dei fekk røysterett. Då ikkje alle var like begeistra for den uttalte agendaen til foreininga, grunnla Marie Høeg det første leddet av Landskvinnestemmerettsforeningen utanfor hovudstaden. Gjennom denne kjempa ho for kvinner sin rett til å røyste. Marie Høeg hadde nære samband til foreininga gjennom Gina Krog og Fredrikke Marie Qvam, som var grunnleggjarane.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Marie Høeg i Store norske leksikon
  2. 2,0 2,1 Breen, Marta (2008): «De første fotofeministene», Dagbladet, 22. oktober 2008
  3. 3,0 3,1 3,2 Holm-Johnsen, Hanne Bolette Berg (1872-1944) og Marie Høeg (1866-1949). Nettartikkel frå Preus Museum, preusmuseum.no
  4. http://www.stemmerett.no
  5. Gleditsch, Espen (13. januar 2010). «Rebellen og fotografen». Arkivert frå originalen 24. mars 2014. Henta 24. mars 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]