Diskurs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Discourse into the Night» (1891) av William Blade.

Diskurs (frå latin discursus, ‘samtale, springa att og fram’) tyder tale, samtale eller drøfting. Ein diskurs er eit sett omgrep, problemstillingar og formuleringar som ligg nedfelt i språket og som alle deler innanfor ein viss kultur. Omgrepet blir brukt innan språkvitskap, litteraturteori og filosofi/sosiologi med særskilde definisjonar.

Som ein semantisk term viser diskurs til ei samanhengande rekke av språklege einingar som utgjer ei meining. Diskursanalyse er ein måte å analysera tekstar på ved hjelp av det lingvistiske innhaldet deira og den sosiolingvistiske konteksten deira. «Tekst» viser i denne samanhengen også til tale, som samtalar eller talar, og ikkje-verbale uttrykk, som eit bilete eller ein reklame.

Innanfor litteraturteorien kan termen diskurs visa til måten ei forteljing er lagt fram på, i motsetnad til «handlinga»; historia, fabelen, plottet.

Sosiologi[endre | endre wikiteksten]

På 1900-talet blei omgrepet diskurs utvida til å visa til ein institusjonelt fundert tenkemåte, altså alle einingar og strukturar som blir brukt til å resonnera og skapa førestillingar. Dette diskursomgrepet meiner at det er ein samanheng mellom kreftene i samfunnet slik dei tek form i institusjonar, språk og i erkjenninga av individet. Diskurs i ei slik tyding har tett samband med ulike teoriar om makt, der det å kunne definera diskursen ofte blir sidestilt med det å definera sjølve røyndommen. Omgrepet er særleg knytt til den sosiologisk orienterte idehistorikaren Michel Foucault. Det har seinare blitt teke i bruk innan andre samfunnsvitskapar. Eit anna ord som har gått gjennom noko av den same utviklinga er paradigme.

Bokryggar av innbundne tidsskrift viser ei endring i diskurs: Frå 1969 fekk Eugenics Quarterly ('Kvartaltidsskrift om rasehygiene') namnet Social Biology ('sosialbiologi').

Diskurs definerer kva som går an å tenka og seia i eit samfunn om eit visst emne. Dette kan stadig endra seg, ved at ein kan uttrykka tankar som tidlegare var tabu eller ved at nye tabu oppstår. Døme på endringar er kva ein kan seia om menneskerasar og folkegrupper ved byrjinga av 2000-talet samanlikna med byrjinga av 1907-talet, noko som mellom anna blir spegla i debattar om bruken av orda neger eller nigger.

I samband med politisk omstridde spørsmål kan ein sjå døme på ordskifte som gjeld diskurs, til dømes når det går ut på å definera kva som er terrorisme, frigjeringskamp, folkemord, rasisme og så bortetter.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]