Fredrikke Marie Qvam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fredrikke Marie Qvam

Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. mai 1843
Trondheim
Død

10. september 1938 (95 år)
Steinkjer kommune

Yrke politikar
Politisk parti Venstre
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening, Norske Kvinners Sanitetsforening
Ektefelle Ole Anton Qvam
Fredrikke Marie Qvam på Commons

Fredrikke Marie Qvam (fødd 31. mai 1843 i Trondheim, død 10. september 1938 på Gjævran Gård ved Steinkjer) var ei norsk kvinnesaks- og målkvinne. Saman med Camilla Collett, Gina Krog og Fernanda Nissen er ho rekna som eit av dei fire store namna i norsk kvinnesak.[1]

Qvam var fødd i Trondheim og voks opp på By utanfor Steinkjer. Ho flytta til Kristiania tidleg på 1880-talet, og hadde styre- og leiarverv i Norsk Kvinnesaksforening, Norske Kvinners Sanitetsforening, Norske Kvinner Nasjonalråd og Landskvinnestemmerettsforeningen. Den 22. august 1905 leverte ho ei liste med underskrifter frå 280 000 kvinnenamn som hadde skrive under for unionsoppløysing, og samstundes i protest mot at kvinnene ikkje hadde røysterett i denne saka.

Qvam var også med — som ei av svært få kvinner — på skipingsmøtet til Noregs Mållag i 1906.

Fredrikke Qvams gate i Oslo er kalla opp etter henne.

Fredrikkeprisen delt ut av Norske Kvinners Sanitetsforening har òg namn etter henne, og omfattar ein statue av Qvam.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fredrikke Marie Qvam frå Stemmerettsjubileet 1913-2013 / Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
  2. «Fredrikkeprisen | Norske Kvinners Sanitetsforening», sanitetskvinnene.no, henta 27. februar 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]