Hans Hagerup Falbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Hans Hagerup Falbe
Hans Hagerup Falbe.jpg
Fødd 7. februar 1772
København
Død

17. oktober 1830
Stockholm

Hans Hagerup Falbe på Commons

Hans Hagerup Falbe (fødd 7. februar 1772 i København, død 17. oktober 1830 i Stockholm)[1]var ein dansk-norsk statsråd, jurist, stiftamtmann og komponist. Etter juridisk embetseksamen og nokre år i arbeid i København kom han til Noreg da han vart utnemd til justitiarius ved Akershus stiftsoverrett etter at Envold de Falsen døydde i 1808.[1]

Mellom 1809 og 1815 var han justitiarius i Overkriminalretten i Kristiania. Han deltok ved stormannsmøtet på Eidsvoll den 16. februar 1814.

Frå 1815 til 1822 var Falbe amtmann i Akershus amt og stiftsamtmann i Akershus stiftamt og frå 1822 og til sin død var han statsråd.[2]

Falbe var aktiv i det kulturelle og musikalske liv i Kristiania og i samtida sett på som ein dyktig komponist og dirigent. I 1810 vart han medstiftar av Det Musicalske Lyceum, hovudstadens første faste musikkselskap som han leia i sju år, fram til Waldemar Thrane tok over.[1]

Statsrådpostar[endre | endre wikiteksten]

Frå 16. november 1822 vart han ved statsrådavdelinga i Stockholm, først konstituert, fast utnemd frå 19. juli året etter.[3] Han var leiar for Revisjonsdepartementet frå 21. mai 1824, ved statsrådavdelinga i Stockholm frå mai 1825, leiar for Marinedepartementet frå september 1826 og frå oktober 1827; ved statsrådsavdelinga i Stockholm. I september 1828 leiar for Revisjonsdepartementet att og frå november 1829 var han ved statsrådsavdelinga i Stockholm.[2]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Falbe var kommandør av Sverdordenen og riddar av Dannebrogordenen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Hans Hagerup Falbe i Norsk biografisk leksikon
  2. 2,0 2,1 Biografisk informasjon om Hans Hagerup Falbe NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
  3. Statsrådslista etter Jan Debes: Det norske statsråd 1814–1949, Cammermeyer 1950.