Marit Berger Røsland
| Marit Berger Røsland | |||
| | |||
| Fødd | 21. september 1978 (48 år) Lillestrøm Lørenskog | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Høgre | ||
| Yrke | Advokat, statssekretær | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
| Ektefelle | Stian Berger Røsland | ||
| Verv | Norsk EØS- og EU-minister 20. oktober 2017–17. januar 2018 | ||
| Føregangar | Frank Bakke-Jensen | ||
| Alle verv |
| ||
Marit Berger Røsland (fødd 21. september 1978 i Lørenskog) er ein norsk advokat og politikar for Høgre. Frå 20. oktober 2017 til 17. januar 2018 var ho norsk EØS- og EU-minister.[1][2]
Ho er cand.jur. frå Universitetet i Oslo frå 2006, og har vore advokatfullmektig og advokat i Wiersholm, Mellbye & Bech i Oslo sidan 2006. Røsland var dommarfullmektig i Oslo tingrett 2009–2010. Frå 17. oktober 2014 var ho statssekretær for statsminister Erna Solberg[3] og frå 16. desember 2015 statssekretær for statsråd Sylvi Listhaug.[4] Den 23. september 2016 vart ho utnemnd til statssekretær for Børge Brende i Utenriksdepartementet.[5] Ho vart utnemnd til EØS- og EU-minister i Erna Solbergs regjering den 20. oktober 2017.[1]
Røsland var leiar i Akershus Unge Høgre 1998–2000, kampanjesekretær i Akershus Høgre i 1999, medlem av Akershus fylkesting 1999–2003, politisk sekretær for ordførar Per Ditlev-Simonsen 2000–2001, 2. nestleiar i Unge Høgre 2000–2002, redaktør i Unge Høgres medlemsblad Xtra 2000–2002, byrådsekretær for velferd og sosiale tenester i 2002, politisk rådgjevar i Utenriksdepartementet 2003–2005, medlem av Oslo Høgres programkomité og medlem av Oslo bystyre 2003–2007.
Ho er gift med advokat og tidlegare byrådleiar i Oslo Stian Berger Røsland.[6] Paret har to barn.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Ask, Alf Ole (2017-10-20). «Tre bytter i Regjeringen – Ine Eriksen Søreide første kvinnelige utenriksminister». Aftenposten. Henta 2017-10-20.
- ↑ «Endringer i regjeringen». Regjeringa.no. 2018-01-17. Henta 2018-01-19.
- ↑ Offisielt frå statsråd 17. oktober 2014
- ↑ Offisielt frå statsråd 16. desember 2015
- ↑ Utenriksdepartementet (2016-09-23). «Ny statssekretær i UD». Regjeringen.no (på norsk). Henta 2016-09-23.
- 1 2 «NRK: Marit Berger Røsland (H) blir ny EØS- og EU-minister». Aftenposten. 2017-10-19. Henta 2017-10-20.