Hopp til innhald

Børge Brende

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Børge Brende

Fødd25. september 1965 (60 år)
Odda kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, diplomat
Utdanna vedNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
VervNorsk utanriksminister 16. oktober 2013–20. oktober 2017
FøregangarEspen Barth Eide
EtterfylgjarIne Marie Eriksen Søreide
VervNorsk nærings- og handelsminister 18. juni 2004–17. oktober 2005
FøregangarAnsgar Gabrielsen
EtterfylgjarOdd Eriksen
VervNorsk miljøvernminister 19. oktober 2001–18. juni 2004
FøregangarSiri Bjerke
EtterfylgjarKnut Arild Hareide
VervStortingsrepresentant 1. oktober 1997–30. september 2009
Verv1. nestleiar i Høgre 10. april 1994–29. mars 1998
FøregangarJohn G. Bernander
EtterfylgjarInge Lønning
Alle verv

Børge Brende (fødd 25. september 1965 i Odda) er ein norsk tidlegare politikar for Høgre.[1] Han var utanriksminister i regjeringa Solberg frå 2013 til 2017,[2] og deretter president for World Economic Forum frå 2017 til 2026.

Børge Brende er utdanna Cand. mag. med mellomfag i historie. Frå 1990 til 1992 var han tilsett som økonomisjef i Brende-entreprenør AS.

Frå 1988 til 1990 var Børge Brende leiar for Unge Høgre. Etter det var han frå 1991 til 1997 medlem av formannskapet og kommunalrådet i Trondheim. Han var vararepresentantStortinget i periodane 1989–1993 og 1993–1997, og blei vald inn som stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag i 1997, 2001 og 2005.

Brende var med i regjeringa Bondevik II, først som miljøvernminister (2001–2004) og deretter som nærings- og handelsminister (2004–2005).[3][4] I 2013 blei han ny utanriksminister for Solberg-regjeringa.

Brende var nestleiar i Europabevegelsen (1991–1992) og var leiar av SN-kommisjonen for berekraftig utvikling (2003–2004).

Regjeringar

[endre | endre wikiteksten]

Stortingskomitéar

[endre | endre wikiteksten]

WEF-president

[endre | endre wikiteksten]

Brende var president for World Economic Forum (WEF) frå 23. oktober 2017 til 26. februar 2026.[5][6] Han trekte seg etter at det kom fram at han hadde hatt kontakt med finansmannen og seksualforbrytaren Jeffrey Epstein.[7][8][9]

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

I 2005 blei Børge Brende utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden for embetstenesta si.[10]

  1. «Børge Brende» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. 1 2 Ask, Alf Ole (20. oktober 2017). «Tre bytter i Regjeringen – Ine Eriksen Søreide første kvinnelige utenriksminister». Aftenposten. Henta 20. oktober 2017.
  3. NRK (18. oktober 2001), «Brende blir miljøvernminister», NRK (på norsk bokmål), henta 12.5.2019
  4. «Børge Brende ny næringsminister», www.dn.no, 18.6.2004, henta 12.5.2019
  5. «Welcoming return for Børge Brende!». World Economic Forum. 23. oktober 2017. Henta 17. januar 2023.
  6. «Børge Brende: President, World Economic Forum». World Economic Forum. Henta 17. januar 2023.
  7. Anne Skifjeld; Svein Vestrum Olsson & Mats Rønning. «Børge Brende går av som sjef for Verdens økonomiske forum» (på norsk bokmål). NRK. Henta 28. februar 2026.
  8. Truls Lier; Mathias Ogre og Elise D. Solberg-Power. «Børge Brende går av som sjef i WEF» (på norsk bokmål). e24. Henta 28. februar 2026.
  9. NTB. «Børge Brende går av som WEF-sjef» (på norsk bokmål). Finansavisen. Henta 28. februar 2026.
  10. «Tildelinger av ordener og medaljer: Børge Brende». Det norske kongehus. Henta 17. januar 2023.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]