Markus Svendsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Markus Svendsen
Fødd 28. februar 1941
Havøysund
Yrke kombinertløpar

Markus Anton Svendsen (fødd 28. februar 1941) er ein norsk, tidlegare kombinertrennar frå Havøysund i Finnmark. Han vann kombinertrennet under Svenska skidspelen i 1965 og kombinertrenna i Lahti både i 1966 og 1967. Både i 1967 og 1968 vart han noregsmeister i øvinga. Svendsen representerte Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Svendsen vann bronsemedaljen under NM på ski 1965, same året gjekk han heilt til topps i kombinertøvinga i Svenska Skidspelen. Både i 1966 og i 1967 vann han kombinert i Lahti, den sistnemnde sesongen vann han sitt fyrste norske meisterskap i øvinga. Han gjentok prestasjonen då han sikra seg NM-tittelen for 1968 i ØrskogSunnmøre.

Svendsen deltok for Noreg i tre internasjonale meisterskap. Under verdsmeisterskapen i Oslo 1966 vart han nummer ni. To år seinare, under dei olympiske leikane i Grenoble hamna han på 27. plass, då alle dei norske kombinertløparane smurde seg fullstendig vekk i langrennet, medan han i ski-VM 1970 kom på 19. plass.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1963: Nr 10 i Svenska Skidspelen i Falun
  • 1964: Nr 12 i Holmenkollen
  • 1965: Vinnar av Svenska Skidspelen i Falun, nr 4 i Holmenkollen og nr 6 i Lahti
  • 1966: Vinnar i Lahti, nr 9 i ski-VM i Oslo
  • 1967: Vinnar i Lahti, nr 3 både i Holmenkollen og i Falun
  • 1968: Nr 3 i Lahti, nr 7 i Holmenkollen og nr 9 i Falun
  • 1969: Nr 4 i Svenska Skidspelen i Falun
  • 1970: Nr 2 i Holmenkollen
  • 1971: Nr 6 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1964: Nr 5 på Voss
  • 1965: Bronsemedalje
  • 1966: Nr 4
  • 1967: Gullmedalje
  • 1968: Gullmedalje i Ørskog
  • 1969: Bronsemedalje på Raufoss
  • 1971: Bronsemedalje på Fåberg
  • 1973: Nr 6 på Lillehammer

Svendsen slutta som aktiv skirennar i 1973, og busette seg etter kvart i Ski i Akershus. I 2008 gav han bort delar av premiersamlinga si til Måsøy kommune.[1]

Notar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Markus Svendsen – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar