Masu'ot Yitzhak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°42′11.87″N 34°41′22.2″E
Masu'ot Yitzhak
מְשּׂוּאוֹת יִצְחָק, Mesu'ot Yitzhak
landsby
MasuotitchakwatertowerEfiElianDSC 2719 משואות יצחק שלט כניסה.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Shafir
Koordinatar 31°42′11.87″N 34°41′22.2″E
Grunnlagd 1945 (i Gush Etzion)

1949 (noverande)

 - Grunnlagd av mellomeuropeiske immigrantar
Tilhøyrsle Hapoel HaMizrachi
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Masuot Yitzchak

Masu'ot Yitzhak (hebraisk skrift מְשּׂוּאוֹת יִצְחָק, tyder Yitzhaksvardane) er ein moshav shitufi sør i Israel. Han ligg nær Ashkelon i Shafir regionale kommune. Han var opphavleg ein kibbutz i Gush Etzion som vart øydelagd og avfolka i den arabisk-israelske krigen i 1948.[1] Ein ny busetnad vart grunnlagd i 1949 på den noverande staden. I 2007 hadde Masu'ot Yitzhak eit folketal på 604.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mas'uot Yitzhak, 1947

Kibbutzen Masu'ot Yitzhak vart grunnlagd i 1945 i Gush Etzion, halvvegs mellom Jerusalem og Hebron. Nybyggjarane var unge pionerar frå Ungarn, Tsjekkoslovakia og Tyskland som hadde kome her før andre verdskrigen. Kibbutzen vart kalla opp etter sjefsrabbien i Palestina, Yitzhak HaLevi Herzog.[2]

Nybyggjarane i Masu'ot Yitzhak tok utfordringa med å leve i Judeafjella, bygde heimar og planta frukthagar. I 1948 vart Gush Etzion erobra av den arabiske legionen. Innbyggjarane i Kfar Etzion vart massakrerte, og alle dei andre innbyggjarane i Gush Etzion, inkludert dei i Masu'ot Yitzhak, vart tekne til fange og sende til Jordan.[3]

Etter dei kom attende frå fangenskapen i 1949, grunnla pionerane i Masu'ot Yitzhak ein ny moshav med same namn nær Shafir, ein region busett av filistrane i bibelsk tid. Profeten Mika talte om Shafir (Mika 1:11). Shafir hadde vore base for den sørlege fronten til det israelske forsvaret under sjølvstendekrigen til Israel. Moshaven var tilknytt Hapoel Hamizrachi. I følgje Walid Khalidi, vart han grunnlagd på land som høyrte til den palestinske landsbyen Al-Sawafir al-Gharbiyya.[4]

Tzahali, eit militært førebuande opplegg for religiøse jenter, er basert i Masu'ot Yitzhak.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]