Ashkelon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ashkelon
Ashqelon
אַשְׁקְלוֹן
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°40′N 34°34′E
Areal 47,788 km²
Folketal 117 400  (2011[1])[1]
Folketettleik 2 457 / km²
Borgarmeister Itamar Shimoni
Kart
Ashkelon
31°39′57″ N 34°33′59″ E
Wikimedia Commons: Ashkelon
Nettstad: http://www.ashkelon.muni.il

Ashkelon eller Ashqelon (òg kalla Ascalon; hebraisk skrift אַשְׁקְלוֹן; arabisk عسقلان ʿAsqalān ; latinsk Ascalonia ; akkadisk: Isqalluna ; gammalgresk: Ἀσκάλων, Askalon) er ein kystby i Det sørlege distriktet i Israel ved middelhavskysten, 50 km sør for Tel Aviv og 13 km nord for grensa til Gazastripa. Den gamle hamna i Ashkelon er datert attende til yngre steinalder. I løpet av historia har han blitt styrt av kanaanittar, filistrane, egyptarane, israelittane, assyrarane, babylonarane, grekarar, fønikarane, hashmoneikarar, romarar, persarane, arabarar og krossfararar, før han vart øydelagd av mamelukkane i 1270.

Den arabiske landsbyen al-Majdal eller al-Majdal Asqalan (arabisk المجدل; hebraisk אל-מג'דל, מגדל), vart grunnlagd nokre få kilometer inn i landet frå den eldre staden på 1500-talet, under osmansk styre. I 1918 vart han ein del av det britiske Occupied Enemy Territory Administration og i 1920 ein del av Palestinamandatet. Under den arabisk-israelske krigen i 1948 var al-Majdal den fremste stillinga til den egyptiske ekspedisjonsstyrken, som hadde base i Gaza.[treng kjelde]

Landsbyen vart okkupert av israelske styrkar den 5. november 1948, då det meste av den arabiske folkesetnaden på 11 000 vart tvungne bort.[2] Jødar fytta inn i området seinare på året. Den israelske byen vart først kalla Migdal Gaza, Migdal Gad og Migdal Ashkelon. I 1953 vart den nærliggande Afridar ein del av byen og namnet «Ashkelon» vart teke opp att. i 1961 var Ashkelon den 18. største israelske byen med eit folketal på 24 000.[3] I 2010 var innbyggjartalet i Ashkelon på 112 900.[4]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet Ashkelon er truleg vestsemittisk og kan vere knytt til rota š-q-l («å vege» frå ei semittisk rot ṯql, som slektar på det hebraiskee šāqal, שָקַל eller det arabiske θiql, ثِقْل «vekt») som kan syne til at han var eit viktig handelssenter. Ashkelon er nemnt i egyptisk tekstar frå det 10. dynastiet som «Asqanu».[5] Scallion og sjalottlauk kjem frå Ascalonia, det latinske namnet på Ashkelon.[6][7]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Yngre steinalder[endre | endre wikiteksten]

Arkeologisk funn med lekamar frå yngre steinalder.

Funnet frå yngre steinalder i Ashkelon ligg ved kysten av Middelhavet, 1,5 km nord for Tel Ashkelon. Det er datert radiometrisk til kring 7900 år sidan, til den lite kjende førkeramiske C-fasen av yngre steinalder. Han vart oppdaga og grave ut i 1954 av den franske arkeologen Jean Perrot. I 1997–1998 vart det gjort eit større redningsprosjekt på staden av Yosef Garfinkel på vegner av Det hebraiske universitetet i Jerusalem og nesten 1 000 kvadratmeter vart undersøkt. Ein siste utgravingsrapport vart publisert i 2008.

På staden er det funne over hundre eldplassar og mange groper, men ingen fast arkitektur, utanom ein mur. Det er funne forskjellige fasar av busetnad, over kvarandre, med sterile lag med sjøsand mellom dei. Dette indikerer at staden berre var busett i periodar.

Spydspissar av flint frå førkeramisk yngre steinalder C i Ashkelon.

Hovudfunna var enorme mengder dyrebein (ca. 100 000) og 20 000 flintlekamar. Beina høyrte både til tamme og ville dyr. Dette indikerer at staden har blitt brukt av gjetande nomadar for å handsame kjøt. Saltet i sjøen i nærleiken gjorde at dei kunne bevare kjøtet.

Kanaanittisk busetnad[endre | endre wikiteksten]

Ashqelon som nemnd på Merneptah-stelen: iskeluni.

Ashkelon var den eldste og største hamnebyen i Kanaan, ein av «dei fem byane» til filistrane, nord for Gaza og sør for Jaffa (Yafa).

Byen vart opphavleg bygd på eit sandsteinsutspring og hadde god vassforsyning frå underjorda. Han var relativt stor for ein by i antikken, med så mange som 15 000 innbyggjarar innafor bymurane, som strekte seg over 2,4 km, var 15 meter høge og 50 meter tjukke. Asheklon blømde i mellombronsealderen (2000–1550 fvt.) med store festningsvollar, inkludert den eldste boga byporten i verda, åtte fot brei, og som i ruinert tilstand framleis er to etasjar høg. Tjukkleiken på murane var så stor at adobesteinen hadde ein tunnellikande port kledd med kvit kalk for å støtte opp om superstrukturen. Det er den eldste kvelven av denne typen ein nokon gong har funne. Seinare romerske og islamske festningsverk følgde same metoden, ein enorm halvsirkel som verna Ashkelon på landsida. Langs sjøsida vart han verna av ei stor naturleg klippe.

I 1991 vart det oppdaga ein votiv sølvkalv i ruinane av ein heilagdom. I den kaananittiske perioden var det ein meir enn 6 meter brei veg opp vollen frå hamna til porten på toppen. I nærleiken, i ruinane av eit lite keramisk tabernakel, vart et funne ein finstøypt bronsestatuett av ein oksekalv, opphavleg sølvfarga. Denne var 10 cm lang. Bilete av kalvar og oksar var tilknytt dyrkinga av dei kanaanittiske gudane El og Baal.

Amarnabreva nemner Ashkelon (Ašqaluna) i 1350 fvt.. Dette var sju brev til den egyptiske faraoen frå kong Yidya. Yidya var den einaste herskaren av Ašqaluna i denne 15-20 årsperioden. Eit av breva frå faraoen til Yidya vart oppdaga tidleg på 1900-talet.

Filistinarane[endre | endre wikiteksten]

Filistrane erobra det kanaanittiske Ashkelon kring 1150 fvt. Den tidlege keramikk deira, strukturtypar og inskripsjonar er liknande dei tidlege greske byane i Mykene på fastlands-Hellas, og la tyngde til hypotesen om at filistrane kanskje av eit av «havfolka» som forstyrra kulturar langs det austlege Middelhavet på denne tida. Ashkelon vart ein av fem filistinar-byar som var i konstant krig med israelittane og Kongedømet Judea. I følgje Herodotus var Venus-tempelet det eldste av sitt slag, og sjølv imitert på Kypros, og han nemner at dette tempelet vart plyndra av skytarar då dei reite gjennom Medes (653–625 fvt.). Då denne enorme hamnebyen, den siste av filistinar-byane som klarte å halde ut mot Nebudkanesar omsider fall i 604 fvt., brend og øydelagd og med innbyggjarane sende i eksil, var filistinartida over.[treng kjelde]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Gamle sarkofagar i Ashkelon.

Ashkelon vart raskt bygd opp att. Fram til erobringa til Aleksander den store var innbyggjarane i Ashkelon påverka av den dominerande persiske kulturen. Det er i dette arkeologiske laget at utgravingar har avdekt hundegraver. Ein trur at hundar kan ha hatt ei heilag rolle, men bevisa er ikkje avgjerande. Etter erobringa til Aleksander på 300-talet fvt., var Ashkelon ein viktig hellenistisk hamneby.

I følgje Tanakh er Ashkelon ein av byane som det jødiske folket fekk i arv.[8] (Josva 13:3) Jødane i Judea dreiv grekarane ut av regionen under Makkebearopprøret, som varte frå 167 til 160 fvt. Det hashmoneiske kongedømet vart så oppretta, som Asheklon sidan vart ein del av.

Det hashmoneiske kingdom fall i 63 fvt., og området vart ein del av Den romerske republikken. Dronning Kleopatra VII nytta Ashkelon som tilfluktsstad då broren og systera sende ho i eksil i 49 fvt. Ho organiserte ein hær på staden, men trengde ikkje bruke denne då Julius Cæsar kom til Alexandria. Ashkelon vart seinare plassert under styret til Herodes den store, ein jødisk vasallkonge til Roma. Ashkelon kan til og med ha vore fødestaden hans. Josefus skriv at Ashkelon ikkje var overlate til Herodes den store i 30 fvt.,[9] og likevel bygde han monumentale bygningar der: bad, utførleg fontener og store kolonnadar. Byen var lojal til Roma under Det store opprøret, 66–70 evt., og i hundreåra etter voks han til eit viktig senter. Han er med på eit fragment av Madabakartet frå 500-talet.

Krossfarartida[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Ascalon i 1099.

Under krosstoga var Ashkelon (av krossfararane kalla Ascalon) ein viktig by, sidan han låg nær kysten og mellom krossfararstatane og Egypt. I 1099, kort tid etter omleiringa av Jerusalem i 1099, vart ein egyptisk fatimide-hær, som vart send for å berge Jerusalem, slått av krossfararane i slaget ved Ascalon. Sjølve byen vart ikkje erobra av krossfararane på grunn av usemjer mellom leiarane deira. Dette slaget vert rekna som slutten på det første krosstoget. Fram til 1153 klarte fatimidane å sende fleire raid mot kongedømet Jerusalem frå Ashkelon, som tydde at den sørlege grensa til krossfararstatane var konstant utstabil. Som var til desse inntrengingane i Outremer, bygde kong Fulk av Jerusalem ei rekkje kristne busetnader kring byen i 1130-åra, for å nøytralisere truselen til den muslimske garnisonen. I 1148, under det andre krosstoget vart byen kringsett i åtte dagar av ein liten krossfararhær, men ikkje erobra, sidan ikkje fekk full støtte frå krossfararstatane.

I 1150 bygde fatimidane forsterkningar i byen med 53 tårn, og det vart den viktigaste grensefestninga deira. Tre år seinare, etter ei fem månader lang omleiring, vart byen erobra av ein krossfararhær leia av kong Balduin III av Jerusalem. Han vart så ein del av grevskapet Jaffa og grevskapet Jaffa og Ascalon vart oppretta, som ein av dei fire store lensherrevelda i kongedømet Jerusalem.

Etter krossfararane erobra Jerusalem medverka dei seks eldre frå det karaittiske jødiske samfunnet i Ashkelon til løysepengane for fanga jødar og heilage lekamar frå dei nye herskarane i Jerusalem.

Eit par hundre jødar, karaittiske og rabbanittiske, budde i Asheklon på andre halvdelen av 1100-talet, men flytta til Jerusalem då byen vart øydelagd i 1191.[10]

Islamsk tid[endre | endre wikiteksten]

Muslimske pilegrimar ved heilagdomen til Seyid Hussein, april 1943.

I 1187 tok Saladin Ashkelon som ein del av erobringa si av krossfararstatane etter slaget ved Hattin. I 1191, under det tredje krosstoget, øydela Saladin byen fordi han var potensielt strategisk viktig for dei kristne, men leiaren for krosstoga, kong Rikard I av England, bygde eit citadell på ruinane. Ashkelon vart slik verande ein del av dei mindre territoria i Outremer gjennom det meste av 1200-talet og Richard, jarlen av Cornwall ombygde og forsterka citadellet i 1240-1241, som ein del av planane til krossfararane om å forsterke forsvaret til kystbyane. Egyptarane tok Ashkelon attende i 1247 under striden til As-Salih Ayyub med krossfararstatane og byen kom attende til muslimsk styre.Mamelukkdynastiet kom til makta i Egypt i 1250 og den antikke og mellomalderhistoria til Ashkelon var over i 1270, då mamelukk-sultanen Baibars gav ordre om at citadellet og hamna skulle øydeleggjast. Som følgje av øydelegginga vart staden fråflytta og vart sidan ikkje i bruk.

I følgje sjia-muslimsk tradisjon, skal hovudet til Husayn ibn Ali, barnebarn av Mohammed, vere gravlagd i Ashkelon. Seint på 1000-talet vart det flytta til ein ny heilagdom som Mashad Nabi Hussein (eller Sabni Hussein) bygde for dette føremålet. I 1153, då krossfararane erobra Ashkelon, vart hovudet flytta til Fustat (Egypt). Heilagdomen vart skildra som den flottaste bygningen i Ashkelon.[11] Under den britiske mandatperioden vart ein «stor maqam på toppen av ei høgd» men utan grav funnen. Eit fragment av ei søyle syner staden der hovudet kan ha vore gravlagd.[12] I juli 1950 vart heilagdomen øydelagd etter instruksjonar frå Moshe Dayan i samband med at israelarane øydela muslimske, historiske stader i Israel i 1950-åra.[13]

Osmanske tid og mandatperioden[endre | endre wikiteksten]

Høghus langs stranda.
Ashkelon Marina

Den arabiske landsbyen Majdal var nemnd av historikarar og turistar mot slutten av 1400-talet.[14] I 1596 synte osmanske skattelister at Majdal var ein stor landsbyen med 559 muslimske hushaldningar, noko som gjorde han til den 7. største staden i Palestina etter Safad, Jerusalem, Gaza, Nablus, Hebron og Kafr Kanna.[15][16]

Folketeljinga i 1931 syner at det budde 6 166 muslimar og 41 kristne der.[17] I 1948 var folketalet auka til kring 11 000.

Majdal var særleg kjend for veveindustrien sin. Byen hadde kring 500 vevar i 1909. I ein britisk rapport frå 1920 vart det estimert at det var 550 bomullsvevar i byen med ein årleg produksjon verd 30-40 000 000 franc.[18] Men industrien leid på grunn av import frå Europa og i 1927 var det berre 109 vevar att. Dei tre store stoffa som vart produserte var «malak» (silk), 'ikhdari' (band av raudt eller grønt) og 'jiljileh' (mørkeraude band). Desse vart nytta for festklede i det sørlege Palestina. Mange andre stoff vart òg produsert, somme med poetiske namn som ji'nneh u nar («himmel og helvete»), nasheq rohoh («sjelas pust») og abu mitayn («far av to hundre»).[19]

Staten Israel[endre | endre wikiteksten]

Under krigen i 1948 okkuperte den egyptiske hæren ein stor del av Gaza, inkludert Majdal. Over dei neste få månadane vart byen utsett for israelske flyåtak og bombardement.[2] Alle utanom kring 1 000 innbyggjarar vart tvinga på flukt då han vart erobra israelske styrkar den 4. november 1948.[2] General Yigal Allon gav ordre om å drive bort dei gjenverande palestinarane, men lokale kommandantar gjorde ikkje dette og den arabiske folkesetnaden auka raskt til meir enn 2 500, hovudsakleg på grunn av flyktningar som kom seg attende og fordi palestinarar vart flytta frå nærliggande landsbyar.[2][14] Dei fleste av dei var eldre, kvinner eller barn.[14] Det neste året vart palestinarane halde i eit innsperra område med piggtrådgjerde rundt, som berre vart kalla «ghettoen».[3][14][20] Moshe Dayan og statsminister David Ben-Gurion var for å drive arabarane ut, medan Mapam og den israelske arbeidarunionen Histadrut protesterte.[2] Regjeringa gav palestinarane gode vilkår om dei drog, som gode valutakursar, men skapte òg panikk gjennom nattlege raid.[2] Den første gruppa vart deporterte til Gazastripa med lastebilar den 17. august 1950 etter ein utkastingsordre.[21] Deportasjonen var godkjend av Ben-Gurion og Dayan etter protestar frå Pinhas Lavon, generalsekretæren i Histadrut, som såg for seg byen som eit produktivt døme på like rettar.[22] I oktober 1950 var det berre 20 palestinske familiar att, medan resten hadde flytta til Lydda eller Gaza.[2] I følgje israelske tal vart i alt 2 333 palestinarar overførte til Gazastripa, 60 til Jordan, 302 til andre byar i Israel, medan eit fåtal vart verande att i Ashkelon.[14] Lavon hevda denne operasjonen tok bort «den siste resten av tillit arabarane hadde i Israel, i kor oppriktig staten sin erklæring om demokratig og like borgarrettar var og den siste resten av tillit dei arabiske arbeidarane hadde til Histadrut.»[22] Etter eit egyptisk søksmål avgjorden ein egyptisk-israelsk blanda våpenkvilekommisjon at palestinarane skulle få flytte attende til Majdal, men dette vart ikkje gjort.[23]

Å folkesette dei fråflytta arabiske busetnadane med jødar vart offisiell politikk den desember 1948, men prosessen kom seint i gang.[3] Den israelske nasjonalplanen frå juni 1949 utpeikte al-Majdal som ein stad med eit regionalt bysenter for 20 000 innbyggjarar.[3] Frå juli 1949 flytta nye immigrantar og demobiliserte soldatar inn i den nye byen, og auka det jødiske folketalet der til 2 500 i løpet av seks månader.[3] I 1949 fekk byen namnet Migdal Gaza, og så Migdal Gad. Kort tid etter vart det Migdal Ashkelon. I 1953 vart nærliggande nabolaget Afridar ein del av byen og namnet vart endra til det noverande Ashkelon. I 1961 hadde Ashkelon blitt den 18. største israelske byen med eit folketal på 24 000.[3]

Den 1.–2. mars 2008 avfyrte Hamas rakettar frå Gazastripa (somme av dei Grad-rakettar) som råka Ashkelon. Sju vart skadde og eigedomar vart øydelagde. Borgarmeisteren Roni Mahatzri uttalte at «dette er ein krigserklæring. Eg veit ikkje korleis det elles kan definerast. Om det varer ei veke eller to, skal me klare det, men me har ingen intensjonar om å la dette bli ein del av dagleglivet vårt.»[24] Den 12. mai 2008 vart ein rakett avfyrt frå den nordlege Gaza-byen Beit Lahiya og råka eit kjøpesenter sør i Ashkelon, og påførte det store strukturelle skadar. I følgje The Jerusalem Post vart fire menneske alvorleg skadde og 87 vart behandla for sjokk. 15 personar fekk mindre til moderate skadar då delar av bygget kollapsa. Politimeisteren for Det sørlege distriktet Uri Bar-Lev meinte det var ein Katyusha-rakett av Grad-modellen som var produsert i Iran.[25] I mars 2008 vart 230 bygningar og 30 bilar øydelagde av rakettar mot Ashkelon.[26]

I mars 2009 råka ein Qassam-rakett ein skule, øydela klasserom og skadde to personar.[27]

I juli 2010 råka ein Grad-rakett eit bustadområde i Ashkelon, og bilar og eit leilegheitsbygg vart øydelagd.[28] [

Panorama av dagens Ashkelon

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Ashkelon arena

Ashkelon sportsarena opna i 1999. «Jewish Eye» er ein jødisk, internasjonal filmfestival som finn stad kvart år i Ashkelon. Festivalen starta opp i 2003.[29] Breeza musikkfestival vert halde kvart år i og rundt amfiteateret i Ashkelon sidan 1992. Dei fleste av artistane spelar gratis.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Ashkelon er venskapsby med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Statistical Abstract of Israel 2012 - No. 63 Subject 2 - Table No. 15». .cbs.gov.il. Arkivert frå originalen 20. oktober 2013. Henta 12. april 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 B. Morris, The transfer of Al Majdal's remaining Palestinians to Gaza, 1950, in 1948 and After; Israel and the palestinarar.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Golan, Arnon (2003). «Jewish Settlement of Former Arab Towns and their Incorporation into the Israeli Urban System (1948–1950)». Israel Affairs 9: 149–164. doi:10.1080/714003467. 
  4. «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2010. 
  5. «Ashkelon, Jewish Virtual Library». Jewishvirtuallibrary.org. Arkivert frå originalen den 17. juli 2011. Henta 5. september 2015. 
  6. «shallot». New Oxford American Dictionary (Second utg.). Oxford University Press. 2005. ISBN 978-0-19-517077-1. 
  7. shallot. CollinsDictionary.com. Collins engelsk Dictionary - Complete & Unabridged 11th Edition. Henta 5. september 2015.
  8. Nelson, Larry. «Josva Chapter 13». Mechon Mamre. Henta 5. september 2015. 
  9. War 1.396; Ant. 15.217
  10. Alex Carmel, Peter Schäfer and Yossi Ben-Artzi (1990). The Jewish Settlement in Palestina, 634–1881. Beihefte zum Tübinger Atlas des Vorderen Orients : Reihe B, Geisteswissenschaften; Nr. 88. Wiesbaden: Reichert. s. 24,31. 
  11. Moshe Gil, A Palestine history, 634–1099 (1997) s 193–194.
  12. Tewfik Kanaan (1927). Mohammedan Saints and Sanctuaries in Palestina. Jerusalem: Ariel Publishing House. s. 151. 
  13. Meron Rapoport, Historie Erased, Haaretz, 5. juli 2007. [1]
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 Orna Cohen (2007). «Transferred to Gaza of Their Own Accord» The Arabs of Majdal in Ashkelon and their Evacuation to the Gaza Strip in 1950. The Harry S. Truman Research Institute for the Advancement of Peace, Det hebraiske universitetet i Jerusalem. 
  15. Hütteroth, Wolf-Dieter and Kamal Abdulfattah (1977), Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
  16. Petersen, Andrew (2005). The Towns of Palestina under muslim Rule AD 600–1600. BAR International Series 1381. s. 133.
  17. Palestina Office of Statistics, Vital Statistical Tables 1922–1945, Table A8.
  18. HM Stationary Office (1920) Syria and Palestina http://www.wdl.org/en/item/11774/zoom/#q=Israel&qla=en&group=1&page=180&zoom=0.3635&centerX=0.5195&centerY=0.5603 s.114
  19. Shelagh Weir, «palestinsk Costume». British Museum Publications, 1989. ISBN 978-0-7141-1597-9. s. 27–32.
  20. B. Morris, The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited, Cambridge University Press, 2004, s. 528–529.
  21. S. Jiryis, The Arabs in Israel (1968), s.57
  22. 22,0 22,1 Kafkafi, Eyal (1998). «Segregation or integration of the israelske arabarar – two concepts in Mapai». International Journal of Midtausten Studies 30 (03): 347–367. doi:10.1017/S0020743800066216. 
  23. "Security Council», International Organization, Vol. 6, No. 1 (Feb., 1952), s. 76–88
  24. «Israeli City Shocked As Rockets Hit». Associated Press. 3. mars 2008. 
  25. «iranske made rocket strikes Ashkelon – Ashkelon». Jeruselum Post. Henta 5. september 2015. 
  26. Bassok, Moti (16. mai 2007). «Ashkelon, Sderot residents file 1 000 damage claims over recent rocket attacks». Haaretz. Henta 5. september 2015. 
  27. «'Improved’ Kassam slams into Ashkelon school». Jta.org. 1. mars 2009. Henta 5. september 2015. 
  28. «Israel hit by rockets and mortars». Newsblaze.com. 30. juli 2010. Henta 5. september 2015. 
  29. «Jewish Eye world film festival». Jewisheye.org.il. 18. oktober 2010. Arkivert frå originalen den 21. juli 2011. Henta 5. september 2015. 
  30. «Association of twinnings and international relations of Aix-en-Provence». Aix-jumelages.com. Arkivert frå originalen den 7. juli 2011. Henta 5. september 2015. 
  31. Vani.org.ge — Twinned Cities (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 20. august 2013, henta 6. september 2015 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]