Mats Olsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mats Olsson
Statsborgarskap Sverige
Fødd 12. januar 1960 (64 år)
Stockholm
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

Mats Olsson i 1992.

Mats Åke Olsson (fødd 12. januar 1960) er ein svensk handballtrenar og -spelar frå Malmö. Han vart verdsmeister for Sverige i 1990 og europameister 1994. Olsson er sidan 2005 målvaktstrenar for Noregs kvinnelandslag i handball. 2005-12 var han sjef for Portugal sitt landslag for karar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Olsson var til 1980 aktiv i Dalhems IF i heimbyen. Perioden 1980-88 spelte han for det svenske topplaget Lugi frå Lund. I 1988 skreiv han kontrakt med spanske Santander, ein klubb han tente i seks sesongar. 1994-96 var han målvakt for Ystad IF, før han avslutta som aktiv i Santander i 1996/97.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Frå debuten i 1979 spelte Olsson 294 landskampar for Sverige fram til han la opp i 1997. Han deltok i fire olympiske leikar, seks verdsmeisterskap og den fyrste europameisterskapen i handball. Dei siste åtte åra på landslaget fekk han med seg to gullmedaljar, tre sølvmedaljar og to bronsemedaljar frå dei største internasjonale turneringane.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1990: Gullmedalje, 27-23 mot Sovjetunionen
  • Sommar-OL 1992: Sølvmedalje, 20-22 mot «Sovjetunionen»
  • VM 1993: Bronsemedalje, 26-19 over Sveits
  • EM 1994: Gullmedalje, 34-21 over Russland
  • VM 1995: Bronsemedalje, 26-20 mot Tyskland
  • Sommar-OL 1996: Sølvmedalje, 26-27 mot Kroatia
  • VM 1997: Sølvmedalje, etter 21-23 mot Russland
  • Vinnar av EHF-meisterligaen: 1994 for Santander
  • Vinnar av EHF-cupvinnarcupen: 1990 for Santander
  • Vinnar av IHF-pokalen: 1993 for Santander
  • Spansk ligameister: 1993 og 1994 for Santander
  • Spansk cupmeister: 1989 for Santander

Kjelder[endre | endre wikiteksten]