Matt «Guitar» Murphy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Matt Murphy

Murphy i New York City i 2011
Fødd29. desember 1929 (94 år)
FødestadSunflower i Mississippi i USA
DødsstadMiami
FødenamnMatthew Tyler Murphy
AliasMatt «Guitar» Murphy
OpphavMemphis i Tennessee i USA
Aktiv1948 til i dag
SjangerBlues
InstrumentGitar
Kjende instrumentCort Signature model
Tilknytte artistarThe Blues Brothers, Howlin' Wolf
PlateselskapAntone's, Roesch, Bluzpik
Verka sombluesmusiker, gitarist, plateartist

Matthew Tyler Murphy (29. desember 192915. juni 2018),[1] kjend som Matt «Guitar» Murphy, var ein amerikansk bluesgitarist.

Liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Murphy vart fødd i Sunflower i Mississippi, og voks opp i Memphis, der faren arbeidde ved Peabody Hotel. Murphy lærte å spele gitar som barn. I 1948 flytta han til Chicago, der han vart med i bandet til Howlin' Wolf, der Little Junior Parker på den tida spelte.[1]

Murphy arbeidde mykje med Memphis Slim, mellom anna på albumet hans At the Gate of Horn (1959).[2] Murphy hadde ikkje sitt eige band før i 1982, men arbeidde i studio og på scenen med mange musikarar, som Ike Turner, Muddy Waters, James Cotton, Otis Rush, Etta James, Sonny Boy Williamson II, Chuck Berry og Joe Louis Walker.

American Folk Blues Festival-turneen i Europa i 1963 framførte han sin eigen «Matt's Guitar Boogie».[3] Freddie King har sagt at han baserte sin eigen «Hide Away» på korleis Murphy spelte på denne turneen.[4]

I 1978 vart Murphy med i Blues Brothers. Han spelte i filmane The Blues Brothers (1980) og Blues Brothers 2000 (1998), og spelte ektemannen til Aretha Franklin. Han spelte med Blues Brothers Band fram til tidleg i 2000-åra.[2]

Murphy fekk slag i 2003, men spelte att nokre år seinare.[5] Han spelte i lag med James Cotton i 2010 på Chicago Blues Festival.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1990: Way Down South (Antone's)
  • 1996: The Blues Don't Bother Me (Roesch)
  • 2000: Lucky Charm (Roesch)
  • 2010: Last Call (Bluzpik)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bill Dahl (29. desember 1927). «Matt «Guitar» Murphy | Biography & History». AllMusic. Henta 5. oktober 2015. 
  2. 2,0 2,1 Russell, Tony (1997). The Blues: From Robert Johnson to Robert Cray. Dubai: Carlton Books. s. 149. ISBN 1-85868-255-X. 
  3. Bogdanov, Vladimir, et al. (eds.) (2003). All Music Guide to Soul, p. 487. Backbeat Books.
  4. Batey, Rick (2003). The American Blues Gitar: An Illustrated History, p. 118. Hal Leonard.
  5. Wright, Michael (April 2016). «The Cort Matt «Gitar» Murphy MGM-1». Vintage Guitar. s. 30–32. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]