Lou Marini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lou Marini
Lou Marini.JPG
Lou Marini ved Hamar musikkfestival i 2007
Fødd13. mai 1945 (74 år)
FødestadNavarre i Ohio i USA
FødenamnLouis E. Marini Jr.
AliasBlue Lou
OpphavUSA
Aktiv1960 til i dag
Sjangerjazz, Fusion
InstrumentSaksofon, klarinett, fløyte
Tilknytte artistarBlood, Sweat and Tears,
Buddy Rich Band,
Woody Herman Orchestra
Saturday Night Live Band,
The Blues Brothers,
James Taylor Band
Steely Dan,
Frank Zappa,
Magic City Jazz Orchestra
Verka somkomponist, klarinettist, saksofonist, jazzmusikar, musikkprodusent, filmmusikkomponist

«Blue» Lou Marini, Jr. (fødd 13. mai 1945) er ein amerikansk saksofonist, arrangør og komponist. Han er kjend for arbeid innan jazz, rock, blues og soul, og var eit av dei originale medlemmane i Blues Brothers, og var dermed med i den særs suksessrike filmen frå 1980.

Tidleg liv og musikkarriere[endre | endre wikiteksten]

Marini gjekk på Fairless High School i Navarre i Ohio. Faren, Lou Marini sr., var bandleiar ved Fairless og skreiv den offisielle songen til skulen, «Alma Mater». Kvart år gjev Fairless High still nokon Lou Marini Award til ære for faren.

Lou Jr. gjekk på University of North Texas, der han spelte i det kjende One O'Clock Lab Band. Då han var ferdig som student byrja han karrieren som profesjonell musikarar og vart etter kvart medlem av Blood, Sweat and Tears. Han var medlem av husbandet til Saturday Night Live frå 1975 til 1983 og spelte i filmen The Blues Brothers og i oppfølgjaren, Blues Brothers 2000, der han spelte rolla som «Blue Lou» (eit namn han fekk av Dan Aykroyd). Han spelte òg på Frank Zappa-albumet Zappa in New York i 1977 og arbeidde med mange andre artistar som Dionne Warwick, Maureen McGovern, Deodato, Steely Dan, James Taylor, Aerosmith, the Buddy Rich Big Band og the Woody Herman Orchestra.

Venstre til høgre: Lou Marini, Ray Reach og Ernie Stires ved Carnegie Hall etter ein konsert med musikken til Trey Anastasio og Ernie Stires, 2004.

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

Marini spelte det meste av livet sitt som sidemann og arrangør. I 2001 spelte Marini inn det første albumet sitt som leiar, med Ray Reach and the Magic City Jazz Orchestra, kalla Lou's Blues (utgjeve 2003).

I 2010 gav Marini ut ei ny plate kalla The Blue Lou and Misha Project - Highly Classified, eit samarbeid med den israelske pianisten og komponisten Misha Segal.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2004 Lou's Blues
  • 2010 Highly Classified
  • 2012 Starmaker

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]