Tom Scott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tom Scott
Tom Scott.jpg
Fødd19. mai 1948 (71 år)
FødestadLos Angeles
FødenamnThomas Wright Scott
OpphavUSA
Aktiv1965 til i dag
SjangerVestkystjazz, jazzfusion, smooth jazz
InstrumentSaksofon, klarinett, fløyte, lyricon
Tilknytte artistarThe Blues Brothers, The L.A. Express, Tom Scott Quartet, Neoteric Trio, Joni Mitchell, John Lennon
PlateselskapVerve
Verka somArrangør, bandleiar, komponist, dirigent, studiomusikar

Thomas Wright «Tom» Scott (fødd 19. mai 1948) er ein USA-amerikansk saksofonist, komponist, arrangør, dirigent og bandleiar i vestkyssjazz/jazzfusion-ensemblet L.A. Express.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Scott var fødd i Los Angeles i California. Han er son av film- og fjernsynskomponisten Nathan Scott, som lagde musikk til meir enn 850 fjernsynsprogram og meir enn 100 filmar, mellom anna for Dragnet og Lassie.[1]

Dei mest kjende verka til Tom Scott er kjenningsmelodiar til fjernsynsseriar i 1970- og 1980-åra — Starsky and Hutch (eit spor kalla «Gotcha!») og The Streets of San Francisco, og sopransaksofonsoloen på hitsingelen «Listen to What the Man Said» for Wings i 1975. I 1982 samarbeidde Scott med Johnny Mathis om å skrive og spele inn to versjonar – ein med tekst og ein utan – av «Without Us», kjenningsmelodien til situasjonskomedien Family Ties i 1980-åra. Versjonen hans av «Today» (ein Jefferson Airplane-song) vart sampla av Pete Rock & CL Smooth i 1992 på hiten «They Reminisce Over You (T.R.O.Y.)».[2]

Den profesjonelle karrieren til Scott byrja som tenåring, som leiar av jazzensemblet Neoteric Trio, og så som særs etterspurd studiomusikar. Han har lange mange soloinnspelingar, som han har fått 13 Grammy-nominasjonar for. Han vann tre av dei. Han har òg laga mykje musikk for fjernsyn og film, og spelt for artistar som George Harrison, the Beach Boys, the Grateful Dead, Paul McCartney, Steppenwolf, Rod StewartDo Ya Think I'm Sexy?»), Whitney Houston, Barbra Streisand, Joni Mitchell, Blondie («Rapture»), Eddie Money, Steely Dan, Pink Floyd, Quincy Jones, Carole King, Olivia Newton-John og Frank Sinatra.

Scott var eit av medlemmane i the Blues Brothers Band, men er ikkje med i dei to filmane The Blues Brothers og Blues Brothers 2000. Scott var leiar for husbandet i to kortvarige prateprogram CBS sitt The Pat Sajak Show og Fox sitt The Chevy Chase Show.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

med the L.A. Express[endre | endre wikiteksten]

med The Blues Brothers[endre | endre wikiteksten]

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

med Don Ellis

med Richard «Groove» Holmes

med Alphonse Mouzon

med Oliver Nelson

med Bill Plummer

  • Cosmic Brotherhood (1968)

med Howard Roberts

  • The Magic Band - Live at Dontes (1968, gjeve ut 1998)
  • The Magic Band - Vol 2 (1968, gjeve ut 1998)

med Lalo Schifrin

med Gábor Szabó

med Bob Thiele Emergency

med Carole King

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Burlingame, Jon (3. mars 2010). «Nathan Scott, 94, scored TV shows – Composer's credits included 'Dragnet,' 'Lassie'». Variety Magazine. 
  2. VideoYouTube

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]