Willie Hall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Willie Hall
Willie Hall (drummer).jpg
Fødd8. august 1950
FødestadMemphis
AliasToo Big
OpphavUSA
Aktiv1965–
Instrumenttrommesett
Verka somtrommeslagar, skodespelar, musikar, musikkprodusent, komponist

William «Willie» «Too Big» Hall (fødd 8. august 1950 i Memphis i Tennessee) er ein amerikansk trommeslagar, mest kjend som medlem i Blues Brothers.

Hall byrja karrieren sin som trommeslagar i 1965, medan han framleis var på high school. Han spelte med the Bar-Kays og Isaac Hayes-bandet The Movement. I 1970-åra var han ein del av Stax-Volt Recording Section Team frå 1968 til 1977, og Hall spelte med mange store Stax-artistar, som The Emotions, Little Milton, Carla og Rufus Thomas, Johnnie Taylor, The Staple Singers, Albert King og Isaac Hayes. Hall produserte det siste albumet til Hayes på Stax, og spelte perkusjon på Hayes-albuma Hot Buttered Soul og The Isaac Hayes Movement og på «Theme from Shaft».

Hall spelte òg på albumet Universal Language med Booker T. & the MGs, og var seinare med gitaristen Steve «The Colonel» Cropper og bassisten Donald «Duck» Dunn som medlem av The Blues Brothers, som førte til at han var med i hitfilmen The Blues Brothers og oppfølgjaren Blues Brothers 2000. Han spelte seg sjølv i filmen Soul Men frå 2008.

Hall har turnert verda over og spelt med mange artistar, som The Blues Brothers, Steve Cropper, Cab Calloway, Aretha Franklin, Ray Charles, KC and the Sunshine Band, Bonnie Raitt, Earl Scruggs, Charlie Daniels Band, Todd Rundgren og Roger McGuinn, blant fleire.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]