Maud Angelica Behn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maud Angelica Behn
Fødd29. april 2003
Rikshospitalet
LandNoreg
MorMärtha Louise av Noreg
FarAri Behn

Maud Angelica Behn (fødd 29. april 2003) er dotter av Ari Behn og prinsesse Märtha Louise av Noreg.

Behn vart døypt den 2. juli 2003 i Slottskapellet, på dagen 100 år etter at oldefar hennar kong Olav V vart fødd. Ho vart boren til dåpen av morfar sin, kong Harald. Dei andre fadderane var kronprins Haakon, prinsesse Alexandra zu Sayn-Wittgenstein-Berleburg, mora si kusine Marianne Ulrichsen, Kåre Conradi, tanta Anja Sabrina Bjørshol og Trond Giske.

Maud Angelica Behn budde det fyrste leveåret sitt i Lommedalen i Bærum. Hausten 2004 flytta familien til New York i Sambandsstatane. Familien flytta tilbake til Noreg i 2005. Maud Angelica har to yngre systrer, Leah Isadora (f. 2005) og Emma Tallulah (f. 2008).

Arverett[endre | endre wikiteksten]

Maud Angelica Behn har arverett til den norske trona, og kjem etter mor si i arverekkjefylgja. Slik som mora stammar Maud Angelica direkte ned frå dronning Victoria av Storbritannia. Ho står difor på lista over engelske tronfylgjarar.