Merry Clayton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Merry Clayton
MerryClaytonHWOFDec2012.jpg
Clayton i desember 2012 ved ein seremoni for Carole King der ho fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame
Fødd25. desember 1948 (70 år)
FødestadNew Orleans, Louisiana i USA
OpphavUSA
AktivSidan 1962
SjangerSoul, gospel
Instrumentvokal
Tilknytte artistar
Verka somSongar, skodespelarinne

Merry Clayton (fødd 25. desember 1948) er ein USA-amerikansk soul- og gospelsongar og ei skodespelarinne. Ho song korvokal for mange kjende artistar i 1960-åraog er kanskje mest kjend for duetten hennar med Mick JaggerRolling Stones-songen «Gimme Shelter[1] Clayton er medverkande i 20 Feet from Stardom, ein Oscarvinnande dokumentarfilm om korsongarar og bidraga deira til musikkindustrien. I 2013 gav ho ut The Best of Merry Clayton, ei samling av favorittsongane hennar.

Clayton byrja karrieren sin i 1962, 14 år gammal, do ho song «Who Can I Count On? (When I Can't Count on You)» i ein duett med Bobby Darin på albumet You're the Reason I'm Living. Tidleg i karrieren song Merry med Ray Charles (som ein av The Raelettes), som var den einaste artisten faren hennar tillet ho å sjå live.[2] Andre artistar ho song for Pearl Bailey, Phil Ochs, Burt Bacharach, Tom Jones, Joe Cocker, Linda Ronstadt, Carole King, og fleire songar på Neil Young sitt debutalbum. Det vert ofte sagt at Clayton song med Elvis Presley, men namnet hennar finst ikkje i nokre dokument knytte til innspelingane hans.[3]

Clayton er kanskje mest kjend for duetten hennar med Mick Jagger på Rolling Stones-songen «Gimme Shelter». Jagger har fortalt at det heile kom til heilt tilfeldig, då dei tenkte at det ville vere fint med ei kvinne som song refrenget. Dei ringde Clayton «heilt tilfeldig» midt på natta og ho møtte opp i studio i «med krøllspenner i håret» og song verset på nokre få opptak, noko Jagger kommenterte som «ganske utruleg».[4] Stones hadde spurt Bonnie Bramlett om å syngje songen, men ektemmannen hennar, Delaney, hadde nekta ho å syngje med The Stones.[5] Clayton song òg korvokal på Lynyrd Skynyrd sin «Sweet Home Alabama».[6]

I 1994 song Clayton korvokal for og song «Man with the Golden Gun»-mellomspelet på Tori Amos-hitten «Cornflake Girl». I 2015 song Clayton på to spor på Coldplay-albumet A Head Full of Dreams.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

År Album Selskap Plassering
US US R&B
1970 Gimme Shelter Ode
1971 Celebration Ode
Merry Clayton Ode 180 36
1975 Keep Your Eye on the Sparrow Ode 146 50
1979 Emotion Fontana
1994 Miracles A&M
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista

Singlar (utval)[endre | endre wikiteksten]

År Singel Plassering Album
US US R&B UK[7]
1970 «Gimme Shelter» 73 Gimme Shelter
1972 «After All This Time» 71 Merry Clayton
1973 «Oh No Not My Baby» 72 30 Ingen album
1975 «Keep Your Eye on the Sparrow» 45 Keep Your Eye on the Sparrow
1988 «Yes» 45 79 70 Dirty Dancing (filmmusikk)
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista

Filmar[endre | endre wikiteksten]

År Film Rolle
1984 Blame It on the Night Seg sjølv
1987 Maid to Order Audrey James
2013 20 Feet from Stardom Seg sjølv

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. True, Rovi Christopher. «Merry Clayton Biography». AOL Music. Arkivert frå originalen 26. april 2012. 
  2. 20 Feet from Stardom. Dir. Morgan Neville. Perf. Darlene Love, Merry Clayton, Judith Hill, Jo Lawry. N.p., n.d. Web.
  3. Jorgensen, Ernst (1998). Elvis Presley : A Life in Music : The Complete Recording Sessions. St. Martin's Press. ISBN 0312185723. 
  4. Springer, Mike. «Mick Jagger Tells the Story Behind ‘Gimme Shelter’ and Merry Clayton’s Haunting Background Vocals». 
  5. Paytress, Mark (2003). The Rolling Stones: Off the Record. Omnibus Press. s. 181. ISBN 9780711988699. 
  6. Dupree, Tom (24. oktober 1974). «Lynyrd Skynyrd in Sweet Home Atlanta». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 27. mars 2009. Henta 17. september 2006. 
  7. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 110. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Merry Clayton