Lynyrd Skynyrd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lynyrd Skynyrd
Lynyrd Skynyrd band (1973).jpg
Lynyrd Skynyrd i 1973
OpphavJacksonville i Florida i USA
Aktiv
  • 1964-1977
  • 1979
  • sidan 1987
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap
Medlemmer
Tidlegare medlemmerSjå bandmedlemmar

Lynyrd Skynyrd er eit USA-amerikansk rockeband mest kjend for ha popularisert Southern rock-sjangerne i 1970-åra. Med røter attende til bandet My Backyard i Jacksonville i Florida i 1964, vart bandet òg kalla The Noble Five og One Percent, før dei slo seg til ro med «Lynyrd Skynyrd» i 1970. Bandet vart verdskjend med signaturlåtar som «Sweet Home Alabama» og «Free Bird». På sitt mest populære døydde bandmedlemmane Ronnie Van Zant og Steve Gaines, i tillegg til korsongaren Cassie Gaines, i ein flystyrt i 1977, og bandet vart oppløyst.

Dei attverande medlemmane starta opp att bandet i 1987 med solovokalisten Johnny Van Zant, ein yngre bror av Ronnie Van Zant. Lynyrd Skynyrd er framleis aktive i dag med dei opphavlege medlemmane Gary Rossington, Johnny Van Zant og Rickey Medlocke, som først skreiv og spelte med bandet i 1971 til 1972, før han kom attende i 1996. Artimus Pyle er framleis aktiv musikar, men spelar ikkje lenger med bandet. Michael Cartellone har spelt med bandet sidan 1999.

Lynyrd Skynyrd har seld 28 millionar plater i USA. Dei vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame den 13. mars 2006.[2] I januar 2018 annonserte Lynyrd Skynyrd ein farvelturné.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lynyrd Skynyrd vart skipa av vokalisten Ronnie Van Zant og bestod av ei rekkje skulekameratar, mellom andre Allen Collins og Gary Rossington. Dei spelte i starten saman under fleire namn som My Backyard og Noble Five. Andre namn som vart nytta var Conqueror Worm, Sons of Satan, The Wildcats og til slutt One Percent, som dei hadde fram til 1970.[4] Ikkje lenge etter vart Billy Powell, Bob Burns og Leon Wilkeson med i bandet, og namnet vart endra til Lynyrd Skynyrd. Namnet kjem frå den strenge gymlæraren til Rossington og Burns, som heitte Leonard Skinner.

Bandet spelte saman i nokre år utan vidare stor suksess, før dei i 1973 fekk kontrakt med MCA. Dei første albumet (pronounced 'lĕh-'nérd 'skin-'nérd), vart etterfølgd av ein turné der dei spelte som oppvarmingsband for The Who. Dei slo ikkje verkeleg gjennom før dei kom ut med det andre albumet sitt, Second Helping. Dette kom i 1974 og inneheldt mellom anna «Sweet Home Alabama». Etter Second Helping kom eit par middelmåtige plater, før dei i 1976 kom med konsertalbumet One More From the Road, som sendte bandet opp på listene igjen.

17 oktober 1977 gav dei ut albumet Street Survivors . Berre tre dagar etter var bandet på veg til ein spelejobb i Baton Rouge i Louisiana, då flyet deira krasja utanfor Gillburg i Mississippi. Ronnie Van Zant, Steve Gaines, Cassie Gaines, som var syster til Steve, og manageren til bandet, Dean Kilpatrick, omkom. Krasjen førte til at Street Survivors vart ein stor suksess, og dei overlevande medlemmane bestemte seg for å leggje ned bandet.

I 1987 vart Lynyrd Skynyrd start opp att, denne gongen med den yngste broren til Ronnie Van Zants, Johnny Van Zant som vokalist. Bandet heldt fram heilt fram til dei gav seg i 2018.

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Turnémedlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Dale Krantz-Rossington – korvokal (1987–2018)
  • Carol Chase – korvokal (1996–2018)

Tidlegare medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Honkettes[endre | endre wikiteksten]

  • JoJo Billingsley – korvokal (1975–1977; død 2010)
  • Cassie Gaines – korvokal (1975–1977 då ho døydde)
  • Leslie Hawkins – korvokal (1975–1977)

Tidslinje (1. inkarnasjon; 1969-1977)[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Dato Tittel Billboard Saltrofé i USA Selskap
13. august 1973 (Pronounced 'Lĕh-'nérd 'Skin-'nérd) 27 2× platina MCA
25. april 1974 Second Helping 12 2× platina
24. mars 1975 Nuthin' Fancy 9 platina
2. februar 1976 Gimme Back My Bullets 20 Gull
17. oktober 1977 Street Survivors 5 2× platina
11. juni 1991 Lynyrd Skynyrd 1991 64 Atlantic
16. februar 1993 The Last Rebel 64
9. august 1994 Endangered Species Capricorn
29. april 1997 Twenty 97 CMC
10. august 1999 Edge of Forever 96
12. september 2000 Christmas Time Again 38
20. mai 2003 Vicious Cycle 30 Sanctuary
29. september 2009 God & Guns 18 Roadrunner
21. august 2012 Last of a Dyin' Breed 14

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Lynyrd SkynyrdAllmusic. Henta 12. september 2018.
  2. «Rock and Roll Hall of Fame, Inductees by Year: 2006». Rockhall.com. Henta 23. august 2018. 
  3. «Lynyrd Skynyrd Plot Farewell Tour». RollingStone.com. 25. januar 2018. Henta 13. september 2018. 
  4. http://www.lynyrdskynyrdhistory.com/faq.html#b

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lynyrd Skynyrd