Mia Hundvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mia Hundvin
NMD19 - Møt programsjefene (47021130804) (cropped).jpg
Fødd 7. mars 1977 (44 år)
Bergen
Yrke handballspelar, programleiar, spaltist, TV-produsent
Mia Hundvin på Commons

Mia Terese Hundvin (fødd 7. mars 1977) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Bergen. Vengspelaren vann i tida 1998-2002 både EM-gull og VM-gull, OL-bronse og EM-sølv.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Hundvin debuterte på landslaget mot Litauen 15. januar 1998. I desember same året var ho med på Noregs lag som vann handball-EM 1998 etter suveren finalesiger mot Danmark. Eitt år seinare skåra ho fem mål då Noreg vart verdsmeister på Lillehammer, etter ein høgdramatisk finalekamp mot Frankrike. Under Sommar-OL 2000 i Sydney fekk Hundvin ein bronsemedalje med Noreg, før ho til sist deltok i EM-finalen 2002 i danske Herning, ein kamp som enda med dansk tomålstriumf. Hundvin spelte 72 landskampar og skåra 174 mål for landslaget.

Hundvin var Tertnes-spelar i den norske toppserien fram til våren 2000, med unnatak for 1996/97-sesongen då ho var aktiv i Gjerpen IF. Ho avslutta tida i Tertnes med finaletap i EHF-cupen mot spanske Mislata. Perioden 2000-04 spelte ho på danske handballklubbar; Frederiksberg, Slagelse og Aalborg. Frå 2004 til 2008 var ho medlem i Nordstrand IF.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Hundvin var frå 1999 kjærast og sidan sambuar med den danske handballspelaren Camilla Andersen. Frå 2002 var ho sambuar med snøbrett-utøvaren Terje Håkonsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]